Vårknipe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
«Vidja velter, Etter Karen Festøy frå Vartdal.[1]
|
Vårknipe viser til den mangelen på fôr som kan finna stad mot slutten av vinteren og byrjinga av våren, før vekstsesongen har kome i gang. I dag kan ein også bruka omgrepet om matsituasjonen for ville dyr, som også kan ha problem med å finna føde mot slutten av vinteren.
Til forskjell frå ein praksis som sveltefôring var denne hendinga utilsikta, og kunne koma av ein dårleg haust eller ein langvarig vinter. For å hjelpa dyra kunne ein bruka uvanlege fôrtypar, som mose, tang, tare og bork.
Vårknipa kan finna stad i høve der ein berre bruker eigendyrka fôr til husdyr, men blir i dag hindra av kraftfôrbruk og liknande.
Sjå og [endre]
Kjelder [endre]
- Vårknipe i Nynorskordboka
- Bjørndal, Martin (1949), «Vårknipa», Segn og tru – Folkeminne frå Møre, http://www.historier.no/index.php?option=com_sobi2&sobi2Task=sobi2Details&catid=13&sobi2Id=5648&Itemid=305
- Denne artikkelen bygger på «Vårknipa» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2010.