Vårlauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vårlauk frå Pakistan.

Vårlauk er ei nemning for matlauk hausta tidleg, før laukdanninga er blitt markert. Ein kan bruka ulike typar lauk til vårlauk, som kepalauk (vanleg lauk) eller pipelauk. Både rot og plante av vårlauk blir brukt til mat, og han kan både etast rå, steikt og kokt. Han er særleg vanleg i asiatisk matlaging.

Vårlauk kan ha mange ulike utformingar, både lange og slanke som purre og lubnare, rundare og meir laukaktige. Dersom ein nytter raudlauk kan lauken vera raudleg, elles er han kvit nedst og grøn øvst.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vårlauk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Vårløk (2012, 8. mars) i Store norske leksikon. Henta 4. august 2013.
  • Arabella Boxer, krydder og urter (Gyldendal, 2000)