Purre
| Purre | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Liliopsida | |
| Orden: | Asparagales | |
| Familie: | Amaryllidaceae | |
| Underfamilie: | Alliaceae | |
| Slekt: | Allium | |
| Art: | A. ampeloprasum | |
| Vitskapleg namn | ||
| Allium ampeloprasum var. porrum | ||
Purre eller purrelauk (Allium ampeloprasum var. porrum syn. Allium porrum) er ei toårig laukplante i laukslekta frå traktene kring Middelhavet. Den er herdig mot kulde og frost, noko som gjer at ein finn den i vill tilstand så langt nord som Tyskland. I dyrka tilstand kan den til og med stå imot tele. I motsetnad til dei fleste andre artar i slekta, så dannar den ikkje nokre eigentlege laukar, i staden dannar laukblada ein lang sylinder.
Purre er ein viktig grønsak som kan nyttast rå, gratinert eller stuva. Anten for seg sjølv eller i gryterettar, supper og gratengar. Purre er hovudingrediensen i vichyssoise og cock-a-leekie. Den sistnemnde retten ligg skottane varmt om hjartet og er ofte forrett til Burns Suppers, middagar som hyllar den skotske poeten Robert Burns sitt liv og poesi. Ved dyrking dekker ein ofte delar av purrelauken for at denne skal forbli kvit og mjuk.
Namnet purre kjem frå latin porrum som opphavleg tydde graslauk.[1]
Purrelauken er heraldisk symbol for Wales og deira skytshelgen David av Menevia, som var vegetarianar. På dødsdagen til skytshelgenen, 1. mars, ber mange i Wales eit lite purrelauksymbol på jakkekragen, inklusive prins Charles, ettersom han er prins av Wales. Purrelauken er regimentsvåpen for det britiske infanteriregimentet Welsh Guards.
Sortar [endre]
- Prelina
- Chalton F1
- Columbus
- Jolant
- Pandora
- Andera
- Siegfried Frost
Referansar [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Purjolök» frå Wikipedia på svensk, den 15. april 2012.
- ↑ Catharina Grünbaum, Purjolök och vitlök