Vaalserberg

Koordinatar: 50°45′19″N 6°01′03″E / 50.75528°N 6.01750°E / 50.75528; 6.01750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det høgaste punktet i Nederland

Vaalserberg er ein ås med ei høgd på 322,7 meter, og er det høgaste punktet i Nederland. Han ligg i provinsen Limburg i den søraustlegaste delen av landet i kommunen Vaals, om lag tre kilometer vest for Aachen.

Drielandenpunt

Trelandspunktet[endre | endre wikiteksten]

Vaalserberg er òg kjend for å vere staden der grensene til Nederland, Belgia og Tyskland møtes. Derfor vert han stundom kalla Drielandenpunt («Trelandspunktet») på nederlandsk, Dreiländereck («Trelandshjørnet») på tysk eller Trois Frontières («Tre grenser») på fransk.

Mellom 1830 og 1919 var åsen til og med Vierlandenpunt eller «Firelandspunktet», då miniputtstaten Moresnet strekte seg frå dette punktet og sørover. Dette grensepunktet har gjort Vaalserberg til eit velkjent turistmål i Nederland med eit tårn på den belgiske sida (nederlandsk Boudewijntoren; fransk: Tour Baudouin) og gjev god utsikt til det omliggande landskapet.

50°45′19″N 6°01′03″E / 50.75528°N 6.01750°E / 50.75528; 6.01750