Tårn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit tårn er eit høgt bygg som gjerne er høgare enn byggmassen kring. Eit tårn kan stå for seg sjølv, eller vera ein del av til dømes ein festning, slott eller eit hus. Eit kyrkjetårn på ei kyrkje gjorde ofte at kyrkja var det høgaste bygget i ein by eller i eit landskap. I nyare tid vert høge tårn mykje nytta til å plassera ulike antenner på, til dømes kringkastingstårn. Tårn kan ha éi eller fleire høgder som er laga til for utsyn eller for til dømes restaurantverksemd. Eit tårn er ofte eit høgt og smalt bygg, sidan det gjev dei lågaste byggjekostandene for ei viss høgd. Eit tårn skil seg frå ei mast gjennom at tårnet ikkje er støtta opp med hjelp av stag eller liknande.

Kjende tårn[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tårn
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.