Valbysteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Valbysteinen er ein runestein frå Valby i Tjølling i Larvik kommune i Vestfold. Valby ligg ca. to kilometer rett nord for Kaupang, og er kjend for store gravfelt frå jernalderen og steinsetjinga Valbysteinane.

I 1869 vart det funne ein stein med runer i ein gravhaug på Valby. Steinen vart teken hand om av presten, som sørgde for at han vart gjeven til Universitetets Oldsaksamling i 1873.

Innskrifta er ganske kort:

auarþr faþi hollr

På norrønt vert det:

Hávarđr fađi hollr

På moderne norsk er tolkinga: «Håvard skreiv (runene, i det han var) trufast (dvs. mot den daude)».

Innskrifta skriv seg frå ein gong på 800-talet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]