Larvik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Larvik kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0709
Fylke Vestfold
Adm.senter Larvik
Areal 530 km²
Folkemengd 43 132 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011) Rune Høiseth (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.larvik.kommune.no/
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0709.svg
Larvik kommune på Commons

Larvik er den største kommunen i Vestfold. Han grensar i nord mot Lardal, i aust mot Andebu og Sandefjord, og i vest mot Porsgrunn og Siljan.

Byen er spesielt kjent for Bøkeskogen og som fødeby for eventyraren Thor Heyerdahl og komponisten Arne Nordheim. I Larvik ligg au Farris-fabrikken med Kong Haakons og Kong Olavs kjelder. Color Line har sitt utspring i Larvik gjennom det tidlegare Larvik–Frederikshavnferja, og i dag trafikerer «Peter Wessel» Larvik–Frederikshavn mens «Color Traveller» trafikkerer Larvik–Hirtshals. Bokeskogen med sin spesielle grønnfarge tidleg på våren er eit kjennemerke for Larvik. Bokeskogen ligg over byen som eit grønt tak. Her finn ein restaurant, musikkpaviljong og ein mengde tur- og trimstiar. Eit anna populært turområde er Vestmarka, som ligg mellom Larvik by og Farrisvannet. Larvik er au kjent for familieverksemda Treschow-Fritzøe, ein tidlegare industrigigant innanfor trelast og tresliperi, jernverk, mølle m.v. I dag utgjer store skogseigedomar og store areal rundt Farriselva firmaet. Fritzøe Brygge, eit kompleks med husvære, kontor og butikkar, stod ferdig i 2003.

Vitjande i Larvik bør blant anna sjå Herregården der grev Ulrik Fredrik Gyldenløve hadde residensen sin. I fjellveggen i Herregårdsbakken finn ein ei rekke inskripsjonar med helsingar frå tidlegare kongebesøk. Larvik kirke er au verd eit besøk, her finn ein blant anna eit unikt bilete måla av Lucas Cranach. Avisa i byen heter Østlands-Posten[1] og kjem ut kvar dag i eit opplag på ca 14 500 eksemplar.

Stavern blir ofte kalla perla i Larvik kommune. Om sommaren syder og kokar det i Stavern av turistar, og Stavern har ei av dei beste gjestehamnene langs norskekysten. «Brunlanes-rivieraen» er sjølve ferieparadiset med eit stort tal campingplassar og hytter. I gamle Hedrum renn den nedre delen av Numedalslågen. Lågen er ei av dei beste lakseelvane i landet, og i sesongen kjem det i tillegg til nordmenn spesielt mange danskar og tyskarar hit for å fiske laks. Kvar sommar mangedoblast innbyggjartalet i Vestfolds største kommune.

I Larvik kommune ligg au tettstaden Nevlunghavn. «Hamna» har ein befolkning på ca 700 fastbuande, men i sommarmånadene gangast dette talet med 10. Hamna er ein gammal losstad, og i starten var det berre losar med familiane deira som budde her. Men ettersom folk begynte med fiske, veks hamna fram til den perla og tettstaden ho er i dag. Hamna er au nemnt på listene SN har over verneverdige stader, og ca 120 av husa er freda.

Kommunen fekk sine nåverande grenser i 1988, da Tjølling, Hedrum, Brunlanes og Stavern blei slått saman med bykommunen Larvik.

Kjente personar frå Larvik kommune[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]