Valdagno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdagno

Valdagno er ein by og ein kommune i provinsen Vicenza i Veneto-regionen i Italia. Kommunen har i kring 27 000 ibuarar og dekker eit areal på 50,2 km². Byen ligg om lag 25 kilometer nordvest for provinshovudstaden Vicenza.

Byen høyrde på 1800-talet under Frankrike og deretter Austerrike. Fyrst i 1866 kom Valdagno med i kongeriket Italia.

Valdagno er ein industriby, der den store tekstilverksemda Marzotto har hatt sitt hovudkontaor sidan firmaet vart grunnlagt i 1836.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]