Vicenza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vicenza
Vicenza 2.jpg
Plassering
Vicenza is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Veneto
Vicenza
Borgarmeister Enrico Hüllweck
Geografi
Flatevidd
 - By

80 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

119 038
  1379.2/km²
Koordinatar 45°33′″N 11°33′″EKoordinatar: 45°33′″N 11°33′″E
Høgd over havet 39 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 36100
Telefon-retningsnummer 0444
Nettstad: www.comune.vicenza.it

Vicenza er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Vicenza i regionen Veneto og har om lag 120 000 innbyggjarar. Byen ligg på nordsida av Monte Berico ved elva Bacchiglione, om lag 60 km vest for Venezia og 200 km aust for Milano

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Vicentia var busett av den italiske stamma euganearar og seinare av palaeo-venetarar på 1000- og 2000-talet fvt. Gallarane tok over byen før romarane erobra han i 157 fvt.. Dei gav han namnet Vicetia eller Vincentia («sigrande»).

Innbyggjarane fekk romersk borgarskap i 49 fvt. Byen vart noko viktig då han låg langs vegen mellom Milano og Aquileia, men kom i skuggen av nabobyen Padova. Det er lite att etter den romerske byen, men tre bruer over Bacchiglione og Retrone er av romersk opphav, og isolerte bogar frå ein romersk akvedukt står utanfor Porta Santa Croce.

Etter Vestromarriket sitt fall raserte herular, vandalar, Alarik og hunarar byen, men han kom seg att etter at austgotarane erobra han i 489. Han vart òg ein viktig by for langobardane og frankarane. Fleire benediktinarkloster vart bygd i Vicenza-området og dei drenerte mellom anna ein innsjø som låg nord for Vicenza.

Piazza Castello

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

I 899 vart Vicenza igjen øydelagd av madjarar.

I 1001 gav Otto III av Det tysk-romerske riket styret av byen til biskopen og den kommunale organiseringa utvikla seg. Byen tok ein aktiv del i forbundet med Verona og Det lombardiske forbundet (1164-1167) mot keisar Fredrik Barbarossa og tvinga mellom anna Padova og Treviso med i forbundet. Podestàen Ezzelino II il Balbo var kaptein i forbundet. Då det vart fred i området att oppstod rivaliseringa mellom Padova, Bassano og andre byar på ny og i tillegg var det interne stridar mellom Vivaresi (ghibellinarar) og Maltraversi (guelfarar).

Den tyranniske Ezzelino III dreiv guelfarane ut av Vicenza og fekk bror sin Alberico vald som podestà (1230). Den sjølvstendige kommunen vart medlem av Det andre lombardiske forbundet mot keisar Fredrik II og vart plyndra av keisaren i 1237, før byen vart annektert av Ezzelino. Då han døydde vart det gamle oligarkiske republikkstyret gjenoppretta med ein consiglio maggiore («storråd») med fire hundre medlemmer og eit consiglio minore («mindreråd») med førti medlemmer. Vicenza danna så eit forbund med Padova, Treviso og Verona. Tre år seinare tok innbyggjarane imot støtte frå Padova for å verne om fridomen sin, men dette utvikla seg snart til at byen vart underlagt Padova. Dette var årsaka til at Vicenza i 1311 lét Scaligeri-familien i Verona ta over styringa. Dei bygde festningsverk i byen for å verne seg mot Visconti-familien i Milano.

Vicenza kom under Republikken Venezia i 1404 og følgjer så historia til Venezia dei neste hundre åra. Han vart omleira av keisar Sigismund og Maximilian I av Det tysk-romerske riket tok byen i 1509 og 1516.

Piazza dei Signori i Vicenza

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Etter 1797, under napoleonsk styre, vart han eit hertugleg storlen (ikkje eit storhertugdøme, men eit arveleg nominelt hertugdøme) i Napoleon sitt personlege kongedøme Italia med general Caulaincourt som hertug.

Etter 1814 gjekk Vicenza til Det austerrikske riket. I 1848 gjorde folket opprør mot Austerrike, men austerrikarane fekk kontroll over situasjonen etter lang kamp. Som ein del av kongedømet Lombardia-Venetia vart det annektert til kongedømet Italia etter den tredje italienske sjølvestendekrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vicenza

Kjelder[endre | endre wikiteksten]