Vandrarheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valdresflya vandrarheim ligg 1389 meter over havet, og er soleis den vandrarheimen i Nord-Europa som ligg høgst over havet.
Vegskilt av internasjonal type som syner til ein vandrarheim.

Vandrarheim, som tidlegare vart kalla ungdomsherberge her i landet, er enkelt innretta gjestehus av ein type som finst både i byar og på landsbygda i mange land. Meininga med dei har tradisjonelt vore å gjeve rimeleg nattely til ungdom på fotturar eller sykkelturar, men no til dags vert dei nytta av bilturistar og anna ferdafolk i alle aldrar.

Vandrarheimane er ofte utstyrt med køyesenger på sovesalar, men òg med einskildrom eller familierom. Det er ein tendens til at vandrarheimar med sovesalar vert stendig færre, og at skilnaden mellom vandrarheimar og enkle hotell vert mindre. Men på dei fleste vandrarheimane finst det kjøken der gjestane kan lage maten sin sjølve, sjølv om mange vandrarheimar òg har matservering. Eit særkjenne ved vandrarheimar i mange land har i lange tider vore at dei stengjer fleire timar på dagtid, og at dei kunne ha meir eller mindre strenge krav til gjestane om at dei skulle ta sin del av reingjeringa og tilsvarande arbeid før dei drog frå staden. Mange vandrarheimar kan vere opne berre delar av året.

Vandrarheimane er ofte tilslutta nasjonale vandrarheimorganisajonar, til dømes organisasjonen Norske Vandrerhjem for mange av dei norske vandrarheimane. Einskildpersonar eller grupper som reiser saman kan melde seg inn i dei nasjonale vandrarheimorganisasjonane for å få føremonar ved overnattingar på vandrarheimar både i heimlandet og utlandet, ettersom dei nasjonale organisasjonane gjerne er med i samarbeidorganisasjonen Hostelling International.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.