Nord-Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Nord-Europa. (Kjelde: NASA)
Kart over Europa med Nord-Europa avmerkt.

Nord-Europa er eit namn på den nordlege delen av det europeiske kontinentet. Det har variert kva som har blitt rekna med, i dag reknar ein inn:

Dei sameinte nasjonane si statistikkavdeling definerer Nord-Europa som:

  • Danmark Danmark, Estland Estland, Flag of Finland.svg Finland, Island sitt flagg Island, Irland Republikken Irland, Latvia Latvia, Litauen Litauen, Noreg Noreg, Sverige Sverige og Storbritannia Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1800-talet vart uttrykket «Nord» eller «Nordleg» nytta om Norden, Det europeiske Russland, Baltikum (på den tida Livland og Kurland) og Grønland.

I tidlegare tider, då Europa var dominert av Middelhavsområdet (t.d. Romarriket), vart alt som ikkje låg nær havet kalla Nord-Europa, inkludert Tyskland, Nederlanda og Austerrike. Denne tydinga vert stundom framleis nytta i visse samanhengar, som i omtale av Den nordlege renessansen. I mellomalderen nytta ein uttrykket (Ultima) Thule om ein halvvegs mytisk stad så langt nord på kontinentet ein kunne kome.

I EU vert Danmark, Sverige, Finland, Tyskland, Belgia og Nederland sett på som Den nordlege gruppa.

Danevirke og Den engelske kanalen vart ofte rekna som grensa mellom Nord- og Sør-Europa i vest, sidan områda sør for desse grensene vart styrt av frankarane under Karl den store, og mykje av området nord for grensa ein gong vart styrt av England under Knut den mektige.

Regionar i verda

LocationAfrica.png

Afrika

Sentral · Aust · Nord · Sør · Vest

LocationAmericas.png

Amerika

Karibia · Sentral · Latin · Nord · Nordleg · Sør

LocationAsia.png

Asia

Sentral · Aust · Nord · Sør · Søraust

LocationEurope.png

Europa

Sentral · Aust · Nord · Sør · Vest

LocationOceania.png

Oceania

Australasia · Melanesia · Mikronesia · Polynesia

Andre
 

Asia-Stillehavet · Midtausten
 

LocationPolarRegions.png

Polområda

Arktis · Antarktis

LocationOceans.png

Verdshav

Atlanterhavet · Nordishavet · Det indiske havet · Stillehavet · Sørishavet