Vardø kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vardø kapell
Kapell
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger prosti
Sokn Vardø
Fellesråd Vardø
Type Langkyrkje
Arkitekt Ukjend
Teknikk Tømra
Innvigd 1908
Kyrkjegard Ved kapellet
Sitjeplassar 40
Kart
Vardø kapell
70°22′12″N 31°05′50″E / 70.370091°N 31.097149°E / 70.370091; 31.097149
Wikimedia Commons: Stegelneset kapell

Vardø kapell, òg kalla Steglnes kapell, er eit kapell som står ved kyrkjegarden på Steglneset, kring 200 meter sørom Vardøhus festning i Vardø by i Vardø kommune i Finnmark fylke. Kapellet er bygd som ei tømra langkyrkje i 1908.[1]

Vardø sett frå fastlandet. Kapellet og kyrkjegarden ligg midt i busetjing på fotografiet, medan Vardø kyrkje ligg nær høgre kant.
Stegelneskapellet i Vardø innvendig, med blyglassvindauge, døypefont, prestestol og altarring (modifisert ballustrade) frå gamle Vardø kyrkje.
Foto: Hans Olav Lien

I 1907–1908 vart det laga til ny kyrkjegard i Vardø fordi det byrja verte plassmangel på den gamle, og kapellet vart bygd til i samband med dette. Byggmeister for kapellet var Lars Johnsen. Det finst lite av skriftlege kjelder om kapellet frå dei fyrste åra, men det ser ut til å ha vorte lite bruka. Ifylgje munnlege kjelder ynskte folk å ha gravferdene frå Vardø kyrkje, sjølv om det var den nye kyrkjegarden som skulle nyttast.[2]

I motsetnad til Vardø kyrkje vart ikkje kapellet øydelagt undre andre verdskrigen. På 1990-talet måtte det restaurertast og det stod ferdigvøld i 1997. I seinare år har det vorte meir populært å nytte, og det vert no halde bryllaup og barnedåpar så vel som gravferdsgudstenester i kapellet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Refoping