Vardø
| Vardø | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Vardø | |
| Fylke | Finnmark | |
| Folkemengd[1] | 1 885 (2012) | |
| Folketettleik | 1 484,3 /km² | |
| Areal[1] | 1,27 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | E75 | |
| Postnummer | 9950 VARDØ | |
| Innbyggjarnamn | vardøværing | |
Vardø (av varg + øy – «ulveøya»), nordsamisk Várggát, kvensk Vuorea, er ein by i Vardø kommune i Finnmark. Byen ligg på den 3,7 km² store Vardøya utanfor austkysten av Varangerhalvøya. Innbyggjartalet er om lag 1900, som utgjer om lag 89 % av innbyggjartalet i kommunen. Vardø er den austlegaste tettstaden i Noreg. Saman med Hammerfest er han den eldste byen i Nord-Noreg. Begge fekk bystatus i 1789. Vardø er òg kjend som Pomorhovudstaden sidan byen på 1800-talet var eit sentrum for handel med Russland.
Historie [endre]
Busetjinga i Vardø går heilt tilbake til då kong Håkon V Magnusson (1299-1319) bygde ei borg, seinare Vardøhus festning, som skulle forsvara Noreg sine interesser i området. På fjellet Domen vest for det 1,7 km breie Bussesundet som skil Vardøya frå fastlandet, var det på 1600-talet ei rekkje hekseprosessar der totalt 88 menneske blei dømde til døden og avretta. Venuspassasjen i 1769 blei observert frå Valen, eidet som bind vestre og austre del av Vardøya saman. Dette var viktig for berekninga av avstanden mellom jorda og sola.
Samferdsel og kommunikasjon [endre]
Vardøya er knytt til Europaveg 75 gjennom den 2892 meter lange Vardøtunnelen under Bussesundet. Tunnelen, som blei teken i bruk 22. desember 1983 og offisielt opna av kong Olav V den 16. august 1984, var den første undersjøiske tunnelen i Noreg.
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.