Vasilij Perov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1851

Vasilij Grigorevitsj Perov (russisk: Василий Григорьевич Перов) (2. januar 183410. juni 1882) var ein russisk kunstmålar. Han var ein av grunnleggjarane av Peredvizjnikij, ei gruppe russiske kunstnarar som måla etter det realistiske stilidealet.

Læreår[endre | endre wikiteksten]

Perov kom til verda i Tobolsk, fødd utanfor ekteskap. Faren, sakføraren Grigorij Kridener, kom frå lågadelen. Etter å ha fullført eit kurs ved distriktsskulen i Arzamas, vart Perov overflytt til Aleksandr Stupins kunstskule i same byen. I 1853 vart han innteken ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Han gjekk i lære hos fleire anerkjende kunstmålarar.

Seremoni i ein landsby, 1861

Frå 1856 og utover vart han ved fleire høve tildelt medaljar og fekk ofte ros for sine arbeid. Fremst mellom desse måleria er Seremoni i ein landsby (1861).

Utanlandsopphald. Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

Med eit utanlandsstipend kosta av den russiske staten, reiste Perov i 1862 til Vest-Europa. Han vitja fleire tyske byar, og deretter Paris. Under dette utanlandsopphaldet måla han mange verk som viser scener frå europeisk gateliv, så som Statuett-kjøparane, Musikanten og dei forbipasserande, og Parisisk filleplukkar (1864).

Den siste reise, 1865

Vel heime i Moskva i 1865, skapte Perov dei neste 6-7 åra sine hovudverk. Mellom desse er Den siste reise (1865), Troika. Småborn i teneste hentar vatn (1866), Den drukna (1867), Ei guvernante kjem til ein kjøpmanns hus, Ei samling ved jarnbanen (1868), Tavernaen ytst i byen (1868), Fuglefangaren (1870), Jegrar kviler (1871). Perov måla i 1872 det mest kjende portrettet av forfattaren Fjodor Dostojevskij.

Lærar. Død[endre | endre wikiteksten]

Frå 1871 hadde han stilling som professor ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Andrej Rjabusjkin er den av Perovs elevar som vart mest kjend. Det var i denne perioden Perov vart med i Peredvizjnikij-rørsla.

Perov døydde i landsbyen Kuzminkij (i dag ein del av Moskva) av tuberkulose. Liket vart bisett ved Danilovklosteret, men i 1950-åra flytta til gravstaden Donskoje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vasilij Perov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]