Fjodor Dostojevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dostojevskij måla av Vasilij Perov i 1872

Fjodor Mikhajlovitsj Dostojevskij Høyr Høyr (russisk Фёдор Михáйлович Достоéвский; (11. november 18219. februar 1881) var ein russisk forfattar. Romankunsten hans har hatt stor påverknad på forfattarar i ettertida, og då spesielt på framveksten av eksistensialismen og modernismen. Dostojevskij skreiv realistiske, psykologiske verk, som ofte tok opp samfunnstilhøve som politikk og religion. Han er mest kjend for romanane Forbrytelse og straff og Brødrene Karamasov.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dostojevskij vart fødd inn i fattige kår og var van med å ha det vanskeleg økonomisk heile livet. Fleire av verka hans, som Forbrytelse og straff vart fyrst publiserte som avisføljetongar, som Dostojevskij skreiv i all hast for å tene pengar. Debutverket Fattige folk kom ut i 1846.

Dostojevskij var politisk aktiv, og vart fengsla for dette 23. april 1849. Han hadde vore med i ei gruppe med radikale sosialisttenkjarar med namn «Petrasjevtsy-sirkelen». Etter å ha sett revolusjonane i Europa på denne tida, godtok ikkje Tsar Nikolai I. noka form for aktivitet som han meinte kunne truge eineveldet sitt. Forfattaren vart dømd til døden 16. november same år, men gjeven nåde framfor eksekusjonspelotongen, og send til ti års straffarbeid i Sibir. Desse hendingane skulle få stor innverknad på dei seinare verka hans.

1854 slapp Dostojevskij ut av straffeleiren, og tenestegjorde i nokre år som korporal i Kasakhstan. Han kom attende til St. Petersburg i 1860. Etter at både kona og broren døydde, vart Dostojevskij råka av depresjon, og han vart seinare speleavhengig. Dette førde til at han måtte skrive Forbrytelse og straff og Spilleren samtidig for å tene pengar raskt. I denne perioden, fram til han døydde, skreiv Dostojevskij nokre av dei mest kjende og høgst verdsette bøkene sine.

På slutten av livet, budde Dostojevskij på rekreasjonsstaden i småbyen Staraja Russa, ikkje langt frå St. Petersburg. Her døydde han 28. januar 1881 av ei lungebløding. På gravsteinen hans står det «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.», frå Johannes 12:24.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Dostojevskij har hatt stor påverknad på moderne forfattarar som Albert Camus, Franz Kafka og Gabriel García Márquez. I Noreg er spesielt Knut Hamsun kjend for å vera inspirert av den russiske forfattaren. Verka åt Dostojevskij er rekna for å ha stor psykologisk innsikt, og tek opp evige tema som kjærleik, religion og vondskapsproblemet. Forfattaren sine eigne opplevingar la grunnlaget for mykje av det hans skreiv om; mellom anna inspirerte einsemda han gjennomlevde i Sibir verk som Opptegnelser fra et kjellerdyp og Forbrytelse og straff, og speleavhengnaden hans sette spor i romanar som Spilleren.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Бедные люди (1846. Norsk omsetjing: Fattige folk, 1930.)
  • Униженные и оскорблённые (1861. Norsk omsetjing: De fornedrede og krenkede, 1992.)
  • Записки из мёртвого дома (1862. Norsk omsetjing: I dødens hus, 1948, og Opptegnelser fra de dødes hus, 1990.)
  • Записки из подполья (1864. Norsk omsetjing: Kjellermennesket, 1955, og Opptegnelser fra et kjellerdyp, 1990.)
  • Преступление и наказание (1866. Norsk omsetjing: Raskolnikow, 1883, Raskolnikof, 1929, og Forbrytelse og straff, 1975.)
  • Игрок (1866. Norsk omsetjing: Spilleren, 1889.)
  • Идиот(1868. Norsk omsetjing: Idioten, 1947.)
  • Бесы (1872. Norsk omsetjing: De besatte, 1946.)
  • Подросток (1874. Norsk omsetjing: Unge Skud, 1886, og En ung manns historie, 1945.)
  • Братья Карамазовы (1880. Norsk omsetjing: Brødrene Karamazov, 1888, og Brødrene Karamasov, 1923)

Kortromanar og noveller[endre | endre wikiteksten]

  • Двойник (1846. Norsk omsetjing: Dobbeltgjengeren, 1931.)
  • Роман в девяти письмах (1847. Norsk omsetjing: En roman i ni brev, 1929, og Roman i ni brev, 1992.)
  • Господин Прохарчин (1846. Norsk omsetjing: Herr Prokhartsjin, 1992.)
  • Хозяйка (1847. Norsk omsetjing: Værtinden, 1886, Den unge kvinde, 1917, og Vertinnen, 1986)
  • Ползунков (1847. Norsk omsetjing: Polsunkov, 1992.)
  • Слабое сердце (1848. Norsk omsetjing: Et svagt Hjerte, 1887, og Et svakt hjerte, 1917.)
  • Белые ночи (1848. Norsk omsetjing: Lyse Nætter, 1886, Hvide nætter, 1888, og Lyse netter, 1929.)
  • Елка и свадьба (1848. Norsk omsetjing: Juletræ og Bryllup, 1886, og Jul og bryllup, 1992.)
  • Честный вор (1848. Norsk omsetjing: Den ærlige Tyv, 1886, og En ærlig tyv, 1992.)
  • Маленький герой (1849. Norsk omsetjing: En liten helt, 1992.)
  • Неточка Незванова (1849. Norsk omsetjing: Lille Netta Njesvanov, 1925, Netotsjkas barndom, 1992.)
  • Дядюшкин сон (1859. Norsk omsetjing: Min onkel og hans excellense, 1945, og Onkels drøm, 1992.)
  • Село Степанчиково и его обитатели (1859. Norsk omsetjing: Menneskene på godset Stepantsjikovo, 1992.)
  • Чужая жена и муж под кроватью (1860. Norsk omsetjing: Sin kones mann, 1927, og En annens hustru og Ektemannen under sengen, 1992)
  • Петербургские сновидения в стихах и в прозе (1861)
  • Скверный анекдот (1864)
  • Крокодил (1865. Norsk omsetjing: Krokodillen, 1993.)
  • Вечный муж (1869. Norsk omsetjing: Den evige ektemann, 1976)
  • Бобок (1873)
  • Мужик Марей (1876)
  • Столетняя (1876)
  • Два самоубийства (1876)
  • Мальчик у Христа на ёлке (1876)
  • Кроткая (1876. Norsk omsetjing: Krotkaja, 1885.)
  • Сон смешного человека (1877. Norsk omsetjing: Et latterlig menneskes drøm, 1955.)

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Зимние заметки о летних впечатлениях (1862. Norsk omsetjing: Vinteropptegnelser om sommerinntrykk)
  • Дневник писателя (1873–1880. Norsk omsetjing: En forfatters dagbok, 1993.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]