Vassårflata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vassårflata ligg i Vågå kommune i Oppland. Vassårflata er ei flate i furuskogen på Heidalsskogen. Andre gamle namn på plassar som ligg inntil er Reiret, Sagbryggja og Kvannberget. Dette er stadnamn etter den gamle vegen frå Lalm til Bringen, ei setergrend i Vågåfjellet. På Vassårflata samlast ungdommen frå Reiregrenda til fest på våren og sommaren. Her fyra dei bål og dansa på grassletta etter musikk frå lokale spelemenn. Frå Vassårflata ser du Heidalsmuen, ein stor rund fjellformasjon i Heidal, Sel kommune. Når tåka ligg rundt toppen av Heidalsmuen, når han tek lua på, blir det regn før kvelden. Dette er eit gamalt og sikkert verteikn. Ein kan og sjå Heidalsskogen, området der eventyret om trolla på Heidalsskogen skal ha sitt opphav frå.