Heidal i Sel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Heidal er ein sidedal til Gudbrandsdalen. Dalen går nordvestover frå tettstaden Sjoa, rundt 10 km før kommunesenteret Otta. Dalen og nærområda omkring utgjorde tidlegare Heidal kommune, som vart slått saman med Sel kommune i 1965. Gjennom dalen renn elva Sjoa som har utløpet sitt frå Gjende.

Heidal har den største tettleiken av verneverdige bygg i Noreg. Rundt 60 prosent av de 1300 husa er frå før 1900. Av desse er 90 hus freda. Ni av gardane er totalfreda. Nokre av dei meir kjente gardane er Heringstad, Kruke, Bjølstad Gård, Lusæter og Slette, som har sin egen bunad.

Heidal har omkring 1600 innbyggjarar. Hovudnæringa er jord- og skogbruk. Anna tradisjonell næring er tømring, snekring, treskjæring, restaurering av gamle hus og bruksgjenstandar, rosemåling og veving. Heidal har tre hyttefabrikker. Nyare næringsverksemd er mellom anna knytt til rafting i elva Sjoa.

Dalen er mellom anna kjent for Heidalosten, som vert produsert ved Heidal Ysteri. Eventyret «Smågutane som trefte trolla på Heddalsskogen» er inspirert frå her. Målaren Johs. Torbjørn Rudrud har måla alle gardane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]