Vasskjelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei vasskjelde i Rättvik i Sverige

Ei kjelde, ile, olle eller oppkome er ein stad der grunnvatnet kjem fram i dagen. Dei finst ofte i skråningar der eit lag med sand ligg på eit vasstett leirlag eller på fast berggrunn. Vatnet vert reinsa i grunnen, slik at kjeldevatnet ofte er betre drikkevatn enn innsjø- og elvevatn.

Varmekjelder[endre | endre wikiteksten]

Varmekjelder eller termer er vatn som kjem frå så store djupner at det vert varma opp av jordvarmen. I vulkanske område kan temperaturen i vatnet kome opp til kokepunktet, som i ein geysir

Mineralkilde[endre | endre wikiteksten]

Ei mineralkjelde inneheld vatn med løyste salt frå dei bergartane det har passert, og vert ofte nytta som mineralvatn. Mange av desse kjeldene, til dømes i Aachen og Bad Ems i Tyskland, Karlovy Vary i Tsjekkia og Vichy i Frankrike er òg varme. I eldre tid vart kjelder rekna som heilage, særleg på grunn av dei helsebringande verknadane dei første med seg, som Olavskjelder.

Springkjelde[endre | endre wikiteksten]

Ei springkjelde er ei kjelder der vatnet spring opp frå jordoverflata, ofte med stor fart og med høgt trykk. Dei kan anten vere artesiske brønnar eller geysirar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]