Vechte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vechte
Vechte nær Schüttorf i Tyskland
Vechte nær Schüttorf i Tyskland
Utspring Westfalen
- Høgd 110 m
Munning Zwarte Water
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Nederland Nederland
Lengd 167 km
Nedslagsfelt ±2 400 km²

Vechte (nederlandsk: Vecht), ofte kalla Overijsselse Vecht i Nederland for å unngå å forveksle ho med elva Vecht i Utrecht, er ei elv i Tyskland og Nederland. Den totale lengda hennar er 167 km, der 107 km er på tysk jord.

Vechte har sitt utspring i åsane Baumberge i Nordrhein-Westfalen i Tyskland nær byen Münster og renn nordover og inn i Niedersachsen, forbi Nordhorn og Emlichheim, over landegrensa til den nederlandske provinsen Overijssel. Frå her renn ho gjennom den nordlege delen av regionen Salland og forbi Hardenberg og Ommen, der ho mottar elva Regge.

Nær byen Zwolle snur Vecht nordover og renn i hop med Zwarte Water nær byen Hasselt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]