Zwolle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zwolle
Zicht op Zwolle Centrum.jpg
Flagget til Zwolle Byvåpenet til Zwolle
Flagget til Zwolle Byvåpenet til Zwolle


Plassering
Plassering av  Zwolle
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Overijssel
Borgarmeister Henk Jan Meijer
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

119,28 km²
  112,11 km²
  7,17 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

116 080
  1 035/km²
Koordinatar 52°30′″N 6°5′″EKoordinatar: 52°30′″N 6°5′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.zwolle.nl


Zwolle er ein kommune og by i Nederland i provinsen Overijssel, 120 km nordaust for Amsterdam. Zwolle har om lag 115 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett sidan steinalderen og i romartida var området busett av saliske frankarar.

Den moderne byen vart grunnlagd rundt 800 av frisiske kjøpmenn og troppane til Karl den store.[2] Namnet Zwolle kjem av ordet Suolle, som tyder «ås» (jfr. det norske verbet «å svelle»). Denne åsen er ei lita høgd mellom dei fire elvane rundt byen, IJssel, Vechte, Aa og Zwarte Water. Åsen var det einaste som området her som ikkje vart råka av flaum frå elvane.

Zwolle vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1040 då ei kyrkje til eigna St. Mikael vart bygd. Kyrkja vart renovert på første halvdel av 1400-talet og eksisterer framleis som Sint Michaëlskerk.

31. august 1230 gav biskopen av Utrecht Zwolle byrettar og han vart eit medlem av Hansaen i 1294. I 1361 vart han med i krigen mellom Hansaen og Valdemar IV av Danmark. I 1370 enda Stralsundtraktaten krigen og Zwolle fekk ein vitte, ein handelskoloni, i Skåne i Sverige. Zwolle var òg ein av hansabyane som dreiv handel på Bryggen i Bergen. Gullalderen for Zwolle kom på 1400-talet. Det vart drive mykje handel langs elvane og byen hadde ein stor fiskemarknad og den viktigaste kvegmarknaden i Nederland etter Rotterdam. Andre viktig næringar var bomullsprodukusjon, jernproduksjon, båtbygging, farging og bleiking, spinning, taulaging og saltproduksjon.[3]

Librije

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zwolle

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statline
  2. F.C. Berkenvelder (1980). Het begin (Nederlandsk). Zwolle 750 jaar stad. Waanders. Vitja 17. mars 2007.
  3. Zwolle. Encyclopaedia Britannica, 11th edition (1911). Vitja 17. mars 2007.