Westfalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tre einingar som er omtalt som Westfalen, innanfor dagens tyske grenser:
Grønn: Kongeriket Westfalen (1807-1813)
Rød: Den prøyssiske provinsen Westfalen (1815-1946)
Mørk grå: Nordrhein-Westfalen (1946-)

Westfalen («Vestfold») er ein historisk region i Tyskland, sentrert rundt byane Dortmund, Münster, Bielefeld og Osnabrück. Han er del av dei noverande delstatane Nordrhein-Westfalen og Niedersachsen.

Westfalen er omtrent området mellom elvene Rhinen og Weser, nord for elva Ruhr. Eksakte grenser finst ikkje, då namnet Westfalen har vorte brukt om ei rekkje statar og provinsar i historia.

Opphavleg var Westfalen del av hertugdømet Sachsen, til det vart gjeve status som eit eige hertugdøme av keisar Fredrik I i år 1180. Det utgjorde då berre eit mindre område sør for elva Lippe.

Westfalen var namnet på eit napoleonsk kongedøme som eksisterte frå 1807 til 1813. Det var ein fransk vasallstat, sett opp av Napoleon Bonaparte og med broren hans Jérôme Bonaparte som konge. Denne staten delte berre namnet med det historiske området, i det det hovudsakleg inkluderte hessiske og austfalske regionar, og berre ein liten del av det historiske og geografiske Westfalen.

Seinare vart Westfalen ein prøyssisk provins. Den nordlegaste delen, inkludert byen Osnabrück, vart avstått til statane Hannover og Oldenburg.

Den noverande delstaten Nordrhein-Westfalen består av den tidlegare prøyssiske provinsen Westfalen, den nordlege delen av den tidlegare prøyssiske Rhin-provinsen, og det tidlegare fyrstedømmet Lippe.

Westfalen er mellom anna kjent for freden i Westfalen (1648), som markerte slutten på Trettiårskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]