Verdsorganisasjonen for helse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Verdens helseorganisasjon)
Gå til: navigering, søk
Flagget til organisasjonen

Verdsorganisasjonen for helse (eng. World Health Organization - WHO, fr. Organisation Mondiale de la Santé - OMS) er eit av dei spesialiserte organa til dei sameinte nasjonane. På norsk blir ofte den engelske forkortinga WHO nytta.

Organisasjonen har 192 medlemsland (2006). Dette inkluderer alle medlemslanda i SN, med unnatak av Liechtenstein. Hovudsetet ligg i Genève i Sveits.

Formål[endre | endre wikiteksten]

Formålet til Verdsorganisasjonen for helse er å arbeide for at alle folk skal ha så god helse som mogleg. Helse blir i denne samanhengen definert som ein tilstand av full fysisk, mental og sosial velvære, ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit.

Arbeidsområda til WHO spenner frå å kjempe mot infeksjonssjukdommar til kampanjar for å auke inntaket av grønsaker og mot bruk av tobakk. WHO forskar dessutan mykje på helseverknader.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen vart oppretta 7. april 1948. Han tok da over store delar av mandatet og ressursane til Helseorganisasjonen (eng. Health Organization), som hadde vore eit organ under Folkeforbundet.

Generaldirektørar[endre | endre wikiteksten]

Sidan starten har det vore seks ulike generaldirektørar i WHO. Den tidlegare norske statsministeren Gro Harlem Brundtland var generaldirektør i perioden 1998–2003.

Namn Land Tidsperiode
Margaret Chan Hong Kong 2006– (framleis)
Anders Nordström Sverige 2006– (fungerande etter dødsfallet til Lee Jong-wook)
Lee Jong-wook Sør-Korea 20032006
Gro Harlem Brundtland Noreg 19982003
Hiroshi Nakajima Japan 19881998
Halfdan T. Mahler Danmark 19731988
Marcolino Gomes Candau Brasil 19531973
Brock Chisholm Canada 19481953

(Kjelde: WHO)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]