Liechtenstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Fürstentum Liechtenstein

(norsk: Liechtenstein, liechtensteinsk)

Det liechtensteinske flagget Det liechtensteinske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Oben am jungen Rhein»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Liechtenstein
Offisielle språk Tysk
Hovudstad Vaduz
Styresett
Statsoverhovud
Regent
Statsminister
Monarki
Hans-Adam II
Alois
Klaus Tschütscher
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
160 km² (193.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
36 713 (192.)
229,5 /km² (37.)
Sjølvstende
1806
Nasjonaldag 15. august
BNP
 – Totalt (-)
 – Per innbyggjar
 
4 160 mill. USD (161.)
141 100 USD (2.)
Valuta Sveitsisk franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +423
Toppnivådomene .li


Fyrstedømet Liechtenstein er eit lite land i fjellkjeda Alpane i Sentral-Europa mellom Sveits og Austerrike. Det er eit fjellkledd land og ein vintersportstad, og kanskje mest kjend som eit skatteparadis. Fyrstedømet består hovudsakleg av små landsbyar og oppdyrka mark med små gardar både i nord (Unterland) og i sør (Oberland). Det er det minste tysktalande landet i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fyrstedømmet har opphavet sitt frå då Liechtenstein-familien kjøpte herskapet Schellenberg (1699) og grevskapet Vaduz (1712). Keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket gav grevskapet og liechtensteinarane status som fyrstedøme. Namnet Liechtenstein stammar frå borga Liechtenstein ved Mödling.

Det tysk-romerske riket vart oppløyst kom fyrstedømmet Liechtenstein som suveren stat inn i Rhinforbundet og frå 1815 i det tyske forbundet. Då dette vart oppløyst 1866 vart det verande ein sjølvstendig tysk stat, og var ein av få tyske statar som ikkje vart ein del av den føderale staten kalla Det tyske riket i 1871. Inntil den første verdskrigen var Liechtenstein sterkt forbundet med dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Etter at dette vart oppløyst knytte Liechtenstein seg sterkare til Sveits; landet tok i bruk sveitsisk valuta og gjekk inn i ein tollunion med Sveits. Liechtenstein vart spart for den andre verdskrigen på grunn av den politiske nøytraliteten landet førte. Landet har sidan opplevd stor næringsmessig vekst.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Liechtenstein er eit konstitusjonelt monarki, styrt av ein fyrste. Den noverande fyrsten, Hans Adam II, etterfølgde far sin i 1989. Landet sitt parlament vert kalla landdagen, og består av 25 representantar vald av folket (15 frå Oberland og 10 frå Unterland). Regjeringa består av fem medlemmar.

I ei folkeavstemming 1. juli 1984 gav Liechtenstein sine mannlege veljarar med knepent fleirtal kvinner stemmerett i nasjonale (men ikkje lokale) val. 2370 stemde for (51,3 %), medan 2251 stemde mot. På kommunenivå fekk kvinnene stemmerett mellom 1976 til 1986. Dei tre siste kommunane, Balzers, Triesen og Triesenberg gav kvinnene stemmerett i 1986.

I motsetnad til dei fleste andre konstitusjonelle monarki, har fyrsten mykje makt, noko som har vore teke opp til debatt i seinare år. Ei folkeavstemming om ny forfatning i mars 2003 gav fyrsten enno større fullmakter. Hans Adam hadde truga med at han og fyrstefamilien ville flytte residensen sin til Wien (der fyrstefamilien budde fram til 1938) om folket ikkje stemde ja til den nye forfatninga. Avstemminga gav eit stort fleirtal for, og stadfesta fyrstefamilien sine breie popularitet i Liechtenstein.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Liechtenstein vart medlem av SN i 1990, og er saman med Sveits, Noreg og Island eit av dei fire medlemmene i EFTA. Landet er òg tilslutta EØS. Noverande utanriksminister er Rita Kieber-Beck.

Det er ein konflikt mellom Liechtenstein på den eine sida og Tsjekkia og Slovakia på den andre sida. Konflikten omfattar konfiskeringa av jord- og skogeigedomar på rundt 1600 km², slottseigedomar, kunstsamlingar og andre verdiar som høyrer til fyrstefamilien og rundt 30 andre liechtensteinarar av dåverande Tsjekkoslovakia etter den andre verdskrigen som følgje av Beneš-dekreta. Som følgje av at Liechtenstein var nøytral under den andre verdskrigen, har Liechtenstein alltid hevda denne konfiskeringa som rettstridig. Beneš-dekreta er frå et folkerettsleg synspunkt òg ugyldige. For å hindre at Liechtenstein søker erstatning som følgje av forholdet, har ikkje Tsjekkia og Slovakia ønska å respektere Liechtenstein som suveren stat med tilbakeverkande kraft. Liechtenstein respekterer derfor heller ikkje dei to andre statane, noko som skapte probleme i samband med EØS-utvidinga. Tvistesaken vedrørande konfiskeringa vert no klargjort, ifølgje liechtensteinske styresmakter, for ei handsaming i Den internasjonale domstolen.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Åker utanfor Vaduz

Liechtenstein består av 2 landskap (Landschaften) - Oberland og Unterland - som igjen er delt inn i 11 kommunar (Gemeinden).

Folketal den 31. desember 2005

LIECHTENSTEIN totalt: 34 905

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Liechtensteinsk geografi.
Liechtenstein

Liechtenstein er det sjette minste sjølvstendige landet i verda ut frå areal, som i 2006 vart målt på nytt til 160,475 km². Landegrensa vart samstundes målt til 77,9 km. Dette er 1,9 km lenger enn ein tidlegare har trudd. Liechtenstein er eit av berre to land i vera som er «dobbelt omgjeve av land», altså det grensar berre til land som heller ikkje grensar til havet. Det andre landet er Usbekistan.

Dei fleste innbyggjarane bur i dalen til Rhinen som dannar heile den vestlege grensa av landet. Målt frå nord til sør er landet 24 km langt. Dei austlegaste områda er dei høgaste med Grauspitz som det høgaste fjellet med ei høgd på 2 599 meter over havet. Dei nordlegaste kommunane er derimot relativt flate.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Liechtenstein er sterkt prega av Alpane som krinsar landet i alle retningar. Her finst mange djupe og små dalar, og klimaet i dalane er ofte ganske forskjellig frå klimaet i høgda. Dalane og fjellsidene som vender mot nord er ofte kalde med mykje skya ver om vinteren. Av og til kan derimot kraftig fønvind presse temperaturane opp i 10 °C og høgare, medan sørvendte sider ofte har meir sol om vinteren. Nettene held seg kalde til ut i mai, men frå då av kan ettermiddagane ofte by på behagelege temperaturar med unntak av enkelte regnbyger no og då. Varmen frå sommarsola fører ofte til torevêr om sommaren. September og tidleg oktober er den tørraste og mest tempererte tida på året.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Fyrsten av Liechtenstein er av dei rikaste statsoverhovuda i verda, og folkesetnaden har ein av dei høgaste levestandarar i verda

Liechtenstein har ein viktig finanssektor. Dei fem største liechtensteinske bankane har omkring 1 400 tilsette, og mange internasjonale bankar har òg etablert seg i Liechtenstein. LGT Bank vert eigd av fyrstefamilien. Som i Sveits vernar landet sine lovar bankane sin rett til ikkje utlevere informasjon om kundane sine.

Landet sin industri produserer for ein stor del dyre spesialprodukt.

Liechtenstein nyttar sveitsiske frank, men pregar òg eigne myntar ved spesielle høve.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Mindre enn to tredjedelar av folkesetnaden (65,8 %) er liechtensteinske statsborgarar. Den utanlandske folkesetnaden er med 20,1 % overvegande tyskspråkleg (10,8 % sveitsarar, 5,9 % austerrikarar, 3,4 % rikstyskarar). Andre folkegrupper inkluderer italienarar (3,3 %), innbyggjarar frå det tidlegare Jugoslavia (3,3 %), Tyrkia (2,6 %), og andre utgjer 4,8 %.

75,7 % (2003) er katolikkar, 10,9 % har ingen religiøs tilhøyrsel, 7,0 % er protestantar og 4,2 % er muslimar. Frå 1997 eksisterer det katolske erkebispedømet Vaduz, som utgjer heile Liechtenstein.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Til å vere eit så lite land har Liechtenstein imponerande mange kunstneriske og kulturelle aktivitetar, og ein blømande ungdomskultur. I tillegg til forskjellige kulturorganisasjonar finst det eit nytt landsmuseum, opna i november 2003. Det finst òg kunstmuseum, skimuseum, postmuseum, fleire lokalmusumar, og i Schaan Theater am Kirchplatz. I oktober 2003 vart Kleintheater Schlösslekeller (småteateret Slottskjellaren) opna i Vaduz. Bandet Elis kjem frå Liechtenstein.

Forsvar[endre | endre wikiteksten]

Liechtenstein avskaffa militæret i 1868, men har likevel ein allmenn verneplikt i grunnlova si (§ 44). I katastrofar er militæret av Aust-Sveits (Territorialregion 4) ansvarleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Liechtenstein