Veronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg planteslekta Veronika

Veronica og Veronika er latinske kvinnenamn, truleg med opphav i det greske Berenike, 'sigersbringande'. Namnet er også blitt tolka som ei samansetjing av vera, 'sant' og icon, 'bilete'. Forklaringa passar med soga om den heilage Veronika, som skal ha fått ei avbilding av Jesus på ein duk ho tørka blodet hans med.

Veronika har norsk namnedag den 4. februar, som er den katolske helgendagen for Veronika. I Sverige er namnedagen den 30. mai.

Vera blei tidlegare mykje brukt som kortform av Veronica.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet er utbreidd i ei rekke land med kristenkulturell bakgrunn, som Tsjekkia, der 1,49 % av kvinnene heitte Veronika i 2006, og Chile, der 0,98 % heitte Veronica i 2005.

I Noreg blei namnet mest brukt mellom 1975 og 1995, då bruken for Veronica låg på rundt 0,3-0,5 %, medan Veronika blei brukt av rundt 0,10-0,15 %. I 2009 heitte 3545 Veronica og 1276 Veronika.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Byste av den irske gravande journalisten Veronica Guerin, som blei drepen av narkotilangarar.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Veronika er òg namnet på blomar i planteslekta Veronica, som fjellveronika eller tviskjeggveronika.

Verónica er namnet på ein by i Argentina.

«Veronica» er namnet på ein song frå 1989 av Elvis Costello.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]