Verstanclabreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verstanclabreen (tysk Verstanclagletscher) er ein 2 km lang isbre (2005) i Silvrettafjella i kantonen Graubünden i Sveits. I 1973 hadde han eit areal på 1,27 km². Breen ligg nord for Verstanclahorn. Han går parallelt med den større Silvrettabreen, som ligg nokre kilometer lenger nord.

Verstanclabreen er kjelda til elva Verstanclabach som munnar ut i Landquart-elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°50′36″N 10°4′2″E