Veståskapellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
 
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Sør-Aurdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Valdres
Fellesråd Sør-Aurdal
Arkitekt Harald Hille
Byggmeister Edvard Bergli
Material Tre
Innvigd 11. august 1968
Stopul Ved sida av kyrkja
Klokker Olsen Nauen
Kyrkjegard Nei
Preikestol 1968
Døypefont 1968
Altartavle Kross
Orgel Harmonium (NOHF)
Sitjeplassar 80
Kart
Veståskapellet
60°44′24″N 9°26′09″E / 60.740035°N 9.435883°E / 60.740035; 9.435883
Wikimedia Commons: Veståskapellet

Veståskapellet eller Veståsen fjellkyrkje er ei kyrkje i kvadratisk form frå 1968 i Sør-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Kyrkja ligg på Skrikkarvollen, ein gammal setervoll ved overgangen mellom Bagn og Herad i Hallingdal.

Byggherre var ein komité med medlemmar frå Bagn og Reinli og midlane som gjorde bygginga mogleg, kom frå innsamlingar. Tomt til kyrkja vart gjeven av Aslaug og Svein Bratterud. Arkitekt var Harald Hille, og Edvard Bergli var byggmeister.

Kyrkjebygget, som er bygd i tre og halde i ein seterstil, var ferdig og vart innvigd 11. august 1968. Bygget har plass til 80 personar. Det er eigd av kyrkjelydane i Bagn og Reinli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]