Sør-Aurdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sør-Aurdal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0540
Fylke Oppland
Adm.senter Bagn
Areal 1 109 km²
Folkemengd 3 147 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2011) Kåre Helland (Sp)
Målform Nøytral
Nettstad www.sor-aurdal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0540.svg
Sør-Aurdal kommune på Commons

Sør-Aurdal kommune er ein kommune i Oppland fylke, lengst sør i Valdres. Kommunen grensar i nord mot Nord-Aurdal og Etnedal, i nordaust mot Nordre Land, i aust mot Søndre Land, i sør mot Ringerike og Flå, og i vest mot Nes og Gol. Administrasjonssenteret i Sør-Aurdal er Bagn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Bagn i Sør-Aurdal kommune.
Reinli stavkyrkje
Foto: John Erling Blad
Vinterlandskap i Sør-Aurdal

Det meste av Sør-Aurdal kommune er kupert skogsterreng med mange små vatn. Halve arealet ligg 600–900 moh. Den høgste toppen i kommunen er Ørneflag (1243 moh.) lengst sør på grensa til Flå i Buskerud. Langs Begna fell terrenget frå 300 moh. til 160 moh. i kommunen. I Sør-Aurdal ligg delar av landskapsvernområda Vassfaret, Vidalen og Indre Vassfaret og dertil fleire naturreservat (barskog).[2] Busetnaden er spreitt i store delar av kommunen, langs Begna og i fleire av sidedalane. Ved E 16, lengst nord i Begnadalen ligg tettstaden og administrasjonssenteret Bagn.

Folketalet har minka sidan 2. verdskrigen, da kommunen hadde nesten 4 200 innbyggjarar. Sør-Aurdal er fordelt på fire sokn: Bagn (1 534 inb.), Reinli (433 innb.), Begnadalen (525 innb.) og Hedalen (751 innb.). Folk frå desse bygdene blir kalla høvesvis begningar, reinlingar, begnadølar og hedølar eller hedølingar. Den einaste tettstaden i Sør-Aurdal er administrasjonssenteret Bagn (609 innb.).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Sør-Aurdal er ein typisk jord- og skogbrukskommune, med noko industri- og serviceverksemd. Jordbruket er prega av små bruk med vekt på storfehald, og også ein del hald av sau. Begna Bruk er den største private bedrifta i kommunen med kring 50 tilsette. I Begna er kraftverka Bagn og Eid bygd ut med maksimal yting på høvesvis 61 og 9,6 MW. Elles er flere av vassdraga i kommunen verna mot kraftutbygging. Fjellområda er grunnlag for ein del turisttrafikk og kommunen har mykje hytteturisme, særleg i fjelltraktene mellom Hedalen og Reinli.[2]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

E 16, stamveg mellom Oslo og Bergen, følgjer Begna gjennom kommunen. Fylkesveg 243 går frå E 16 i Nes i Ådal til Hedalen kyrkje; frå denne fører fylkesveg tilbake til E 16 i Begnadalen. Det er eit vidstrekt nett av offentlege og private vegar i dalføra og fjellområda med heilårs samband til Nesbyen og Gol i Hallingdal.[2]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Sør-Aurdal vart oppretta i 1805, då Aurdal prestegjeld vart delt i Nord- og Sør-Aurdal. Då Noreg i 1837 vart delt inn i kommunar, vart grensene for prestegjeld og kommune som regel identiske, og slik gjekk det også for dei to gjelda i Aurdal i Valdres.

I 1894 vart Etnedal oppretta som prestegjeld og kommune ved frådeling av Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal. Grensene har vore uendra sidan då.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av går det ei tydeleg språkgrense mellom dei nordlege og sørlege bygdene i Sør-Aurdal: I Bagn og Reinli talar ein valdresmål, og i kyrkja og skulen er målforma nynorsk. I Hedalen og Begnadalen, derimot, snakkar ein ringeriksmål, og der blir bokmål brukt i kyrkja og skulen.

Kjende folk frå Sør-Aurdal[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. 2,0 2,1 2,2 Sør-Aurdal. Store Norske Leksikon. Vitja 22. oktober 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]