Viggo Mortensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viggo Mortensen ved premieren til den første Lord of the Rings-filmen i 2003.

Viggo Peter Mortensen (fødd 20. oktober 1958) er ein USA-amerikansk skodespelar, best kjend for filmrolla som helten Aragorn i trilogien basert på Ringenes herre. Mortensen har også prøvd seg som diktar, musikar, fotograf og målar.

Mortensen er fødd i New York med dansk far, medan den amerikanske mora hans har norsk og kanadisk opphav. Han budde i Latin-Amerika, Danmark og USA då han voks opp, og snakkar dansk, engelsk og spansk flytande.

Mortensen ved BAFTA-prisutdelinga i 2008.

Priser og nominasjoner[endre | endre wikiteksten]

For rolla i Eastern Promises blei Viggo Mortensen nominert til både oscarprisen for beste mannlege skodespelar og Golden Globe for beste dramaskodespelar. Ved British Independent Film Awards i 2007 vann han prisen for beste skodespelar for filmen. Mortensen har også blitt nominert til fleire andre prisar.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

  • 1987: Miami Vice (tv-serie 1 episode)
  • 1990: Texas Chainsaw Massacre 3 (film)
  • 1990: Young Guns II (film)
  • 1992: Boiling point (film)
  • 1993: American Yakuza (film)
  • 1993: Carlito's Way (film)
  • 1995: The Prophecy (film)
  • 1997: G.I. Jane (film)
  • 1998: Det perfekte mord (film)
  • 1998: Psycho (film)
  • 2000: 28 Days (film)
  • 2001: Ringenes herre: Ringens brorskap (film)
  • 2002: Ringenes herre: To tårn (film)
  • 2003: Ringenes herre: Atter en konge (film)
  • 2004: Hidalgo (film)
  • 2005: History of Violence (film)
  • 2007: Eastern Promises (film)
  • 2008: Appaloosa (film)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Viggo Mortensen
Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.