Vik i Austevoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vik
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austevoll
Gardnummer 64

Vik er ein gard på Huftarøy i Austevoll kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden har fått namn etter den djupe, lune vika han ligg ved, nord for Vestre Vinnesvågen. Sidan namnet er i ubunden form, tyder det på at garden er særs gammal, noko funn i området òg tyder på. Her er funne spydspissar og økser frå både steinalderen og yngre og eldre jernalder. På den tida gjekk sjøen høgare enn no, og den gamle strandlinja er synleg oppfor Heimavikjo. På den tidlegare sjøbotnen stod husa i Vik i ein tunskipnad.

Her er funne ei steinøks med finslipt yte og truleg har det vore fangstlæger for farande steinalderfolk alt for 10 000 år sidan. Her var gode fiske- og fangsttilhøve.

Vik er første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1519, då Bjørn i Vig betalte 2 mark i skatt. Folk i Vik dreiv jordbruk og fedrift med noko fiske attåt.

Vik var «Stigtsgods», og låg ei stund under kapitlet ved Nykyrkja i Bergen. Seinare eigde Enkjefattighuset i Bergen garden, før han vart løyst inn av brukarane i 1833.

I dag er det nær 80 bruksnummer på garden. Sju av dei har noko jord, medan resten er hus, hytter og industritomter. Kommunen har i dag kjøpt noko parsellar til veggrunn, medan HSD har bygt ut ein tomt på 10 mål til rutebilstasjon og kontor.

Landbrukstilhøve[endre | endre wikiteksten]

I martiklane på 1600- og 1700-talet vart det nemnt at garden hadde god åker og gode fisketilhøve, men hadde ikkje seter, kvern eller husmannsplass.

Det har alltid vore lite skog her, og folk brende lyng og brake, samt torv, som brensel. Utover 1900-talet fekk presten her, Kullmann, sett i gang eit skogplantingsprosjekt og på 1940-talet vart det planta store mengder norsk gran her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johan Tufteland (1991). Austevoll 3 - Gard og ætt - Tidlegare Bekkjarvik kapellsokn. Austevoll.