Austevoll kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austevoll kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1244
Fylke Hordaland
Adm.senter Storebø
Areal 117,2[1] km²
Folkemengd 4 838 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-) Helge Andre Njåstad (FrP)
Målform Nynorsk
Nettstad www.austevoll.kommune.no/
Folketalsutvikling 1951-2010[2]
Befolkningsutvikling kommune 1244.svg
Austevoll kommune på Commons

Austevoll er ein øykommune vest i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Midhordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeve av kommunane Sund i nord, Os i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Kommunen består av 667 store og små øyar, og har eit samla areal på 117,2[3] km², og ei strandline på 337 km. Kommunen har 4 680 innbyggjarar pr. januar 2011[4].

Det nordlege Austevoll med Bjørnefjorden i bakgrunnen.

I generasjonar har fiskeri vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for landets største innan oppdrett av laks. Offshorenæringa er også viktig for kommunen og det største offshorereiarlaget i Noreg, DOF ASA, [5] er heimehøyrande i Austevoll. Totalt tre børsnoterte selskap har hovudkontorene sine på Storebø i Austevoll, desse er reiarlaget DOF ASA, havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA og verftsgruppa Bergen Group ASA.

Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største bygda. Kommunen har vidaregåande skule, Fiskarfagskulen i Austevoll. Havforskningsinstituttet har ein forskingsstasjon i Austevoll.

I sør har kommunen ferjesamband frå Husavik til Sandvikvåg i Fitjar. Frå Austevollshella og Hufthamar går det ferje nordover til Krokeide i Bergen kommune. Flaggruten mellom Bergen og Stavanger har stopp på Hufthamar, det same har snøggbåten mellom Bergen og Sunnhordland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Austevoll var blant dei første stadane i Hordaland som vart isfritt mot slutten av istida. Det er funne spor av busetnad tilbake til den eldre steinalderen, for 10 000 år sidan. Næringsvegane har til alle tider vore fiske, fangst og jakt, i tillegg til enkelt jordbruk.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

Frå innføringa av Formannskapslova av 14. januar 1837 var Austevoll og Sund éin kommune. I 1886 blei Austevoll eigen kommune. 1. januar 1964 blei delar Fitjar (Selbjørn og sørlege Huftarøy) overdrege til Austevoll kommune.

I ei kommuneoversikt datert den 31. januar 1840 ("Fortegnelse over Rigets samtlige Formandsskabsdistricter") er "Østevold" (med "Møgster Sogn") oppført som ein separat kommune åtskild frå Sund. (Dette ville ha vore i samsvar med lova - for sjølv om soknene Austevoll og Møkster høyrde til Sund prestegjeld så høyrde til dei ulike fogderier: Sund høyrde til Nordhordland fogderi og Austevoll og Møkster Sunnhordland fogderi. I slike tilfelle kunne eit prestegjeld bli delt i to separate kommunar.) Men denne delinga kan i so fall ikkje ha vore virksam lenge: I alle seinare oversikter (fram til 1886) er Austevoll oppførd som ein del av Sund kommune.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Austevoll består av 667 småkuperte øyar og holmar. Kommunen har ei strandline på 337 kilometer, og eit areal på 117,1 km². Dei største øyene dannar ein halvsirkel, med opning vestover. Frå nordvest, rekna med klokka, ligg Storekalsøy, så Hundvåkøy, lengst aust ligg Huftarøy, sørvest for Huftarøy ligg Selbjørn, og vest for Selbjørn ligg Stolmen. Heilt vest i kommunen, mellom Storekalsøy i nord og Stolmen i sør, ligg øyene (frå nord og sørover) Horgo, Møgster og Litlakalsøy.

I vest grensar kommunen til Nordsjøen, i nord ligg Krossfjorden, Bjørnafjorden i nordaust, Langenuen i aust og Selbjørnsfjorden i sør. Den høgaste toppen i Austevoll er Loddo, på 244 meter.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Av dei 667 øyene er berre åtte busetnad gjennom heile året. 29 prosent av dei busette bur i tettbygd strok. 28 prosent av dei busette er 17 år eller yngre, noko som er 4,4 prosent over landsgjennomsnittet. 4,7 prosent av dei busette er 80 år eller eldre.[6]

Bygder[endre | endre wikiteksten]

Bygd Innb.tal (2011) [7] Innb.tal krins (2001) [8]
1. Storebø 1.136 1.341
2. Bekkjarvik 386 489
3. Kolbeinsvik 481
4. Vinnes 378
5. Haukanes 235

Øyer med heilårs busetnad[endre | endre wikiteksten]

Øy Innb.tal [9]
1. Huftarøy 2.435
2. Selbjørn 956
3. Hundvåkøy 554
4. Stolmen 206
5. Storekalsøy 167
6. Møkster 65
7. Litlekalsøy 26
8. Lunnøy 10

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Austevoll kommune vert styrt etter formannskapsmodellen. Kommunestyret består 27 representantar, samansett av Framstegspartiet (9), Høgre (5), Arbeidarpartiet (3), Senterpartiet (2) og Kristeleg Folkeparti (2).

Etter valet i 2003 vart Helge André Njåstad vald til ordførar i kommunen. Han vart attvald i 2007. Kommunen blir styrt av eit fleirtal i kommunestyret utgått av Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.

Austevoll kommune er den mest gjeldstynga kommunen i Hordaland, og kommuneøkonomi og betringa av denne er den viktigaste politiske saka. Austevollsbrua, eit bruprosjekt som skal knyte Huftarøy og Hundvåkøy saman, har sidan byrjinga av 1990-åra vore ei viktig politisk sak. Bruprosjektet vart opna i november 2007[10].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. KommuneFakta - Hordaland - Tall om Austevoll kommune[1]
  2. Kjelde: SSB
  3. KommuneFakta - Hordaland - Tall om Austevoll kommune[2]
  4. Statistisk Sentralbyrå: Tall om Austevoll kommune 2011. Tabell [3]
  5. Bergens Tidende: Satset millioner, høster milliarder [4]
  6. Statistisk Sentralbyrå: Tall om Austevoll kommune 2006. Tabell [5]
  7. Statistisk Sentralbyrå: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1.januar 2011. [6]
  8. Statistisk Sentralbyrå: Folke- og bustadteljing 2001 [7]
  9. Statistics Norway (2006). Folke- og bustadteljing 2001. 
  10. Statens vegvesen, Rv. 546 Huftarøy-Hundvåkøy i Austevoll kommune [8]