Viktor Janukovytsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viktor Janukovytsj
Foto: Igor Kruglenko

Viktor Fedorovytsj Janukovytsj[1] (fødd 9. juli 1950 i Jenakijeve i Donetsk oblast) er ein ukrainsk politikar og president i Ukraina sidan 2010. Han var òg statsminister frå 21. november 2002 til 31. desember 2004. Han leier Partija regioniv (Regionanes parti).

Faren til Janukovytsj var etnisk kviterussisk, mora ukrainsk.

Janukovytsj vart utnemnd som statsminister av president Leonid Kutsjma i 2002. Ved det kontroversielle presidentvalet i 2004 stilte ikkje Kutsjma til gjenval, men støtta Janukovytsj sitt kandidatur. Han vart rekna som den pro-russiske kandidaten, og hadde størst oppslutning i den austlege, russiskdominerte delen av Ukraina. Han vart utropt til vinnar av valet med knapp margin etter andre valomgang 21. november 2004. Dette utløyste dei omfattande gateprotestane som vart kalla den oransje revolusjonen, grunna skuldingar om valfusk. Til slutt førte protestane til at andre valomgang vart avlyst og heldt på nytt 26. desember, då Janukovytsj tapte med 44,2 % av røystene mot 52,0 % for Viktor Jusjtsjenko. Etter dette gjekk Janukovytsj òg av som statsminister.

Ved parlamentsvalet 26. mars 2006 gjorde Janukovytsj eit oppsiktsvekkjande comeback då partiet hans vart det største partiet i nasjonalforsamlinga med 32,1 % av røystene. Partiet hans vann i dei austlege og sørlege delane av landet. Etter langvarige forhandlingar klarde erkerivalane Jusjtsjenko og Janukovytsj og nå fram til ein avtale som gjorde Janukovytsj til statsminister på nytt frå 4. august 2006. 18. desember 2007 vart Julija Tymosjenko igjen vald til statsminister i Ukraina, og Janukovytsj måtte gå av.

Janukovytsj var kandidat til presidentvalet i Ukraina i 2010. I fyrste valomgang 17. januar fekk han med 35,3 % flest stemmer og gjekk vidare til andre valomgang 7. februar. Janukovytsj fekk i den andre valomgangen 49 % av stemmene, med 45,5 % for Julija Tymosjenko. Han vart 25. februar 2010 innsett som president i Ukraina for perioden 2010 til 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukrainsk: Віктор Федорович Янукович.