Viktor Jusjtsjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viktor Jusjtsjenko i 2006.

Viktor Andrijovitsj Jusjtsjenko (fødd 23. februar 1954), ukrainsk Віктор Андрійович Ющенко, er ein ukrainsk politikar og tidlegare president i Ukraina (20052010). Han har òg vore statsminister i Ukraina, frå 1999 til 2001.

Justsjenko er fødd i Khoruzjivka i Sumy oblast og utdanna økonom. Han var tilsett ved dei ukrainske kontora til den sovjetiske statsbanken. I 1993 byrja han jobba i den nye ukrainske statsbanken, der han blei øvste sjef i 1997.

I desember 1999 blei Jusjtsjenko innsett som statsminister av president Leonid Kutsjma. Han måtte gå frå stillinga i 2001, etter at det blei reist mistillitforslag mot han på grunn av ein konflikt med industrileiarar frå kolgruver og naturgassselskap.

I 2002 blei Jusjtsjenko leiar for koalisjonen Vårt Ukraina (Nasja Ukrajina). Han var presidentkandidat i 2004 og deltok i ein bitter valkamp. Seint i september dette året blei Jusjtsjenko svært sjuk, og fekk behandling ved ein klinikk i Wien. Legane her meinte han var blitt forgifta, og analysar av blodet hans vist svært høge verdiar av ein giftig dioksin (TDCC eller tetrachlorodibenzoparadioxin). Jusjtsjenko meinte han var blitt forgifta under ein lunsj med leiaren for sikkerhetstenesta i Ukraina.

Dei offisielle resultata etter presidentvalet 21. november 2004 erklærte Jusjtsjenko som tapar, og den førre presidenten sin foretrekte kandidat, Viktor Janukovytsj som vinnar. Anklagar om valfusk utløyste massive gatedemonstrasjonar, som blei kjende som den oransje revolusjonen. Til slutt blei valet underkjent, og eit nytt blei heldt 26. desember. Jusjtsjenko blei vald som president med 52,0 % av røystene i omvalet.

Jusjtsjenko stilte også som kandidat til presidentvalet i Ukraina i januar 2010, men blei slegen ut i fyrste valomgang med berre 5,5 % av røystene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Viktor Jusjtsjenko