Vingtor Luftveier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit Catalina sjøfly

Vingtor luftveier vart skipa våren 1946 av ei gruppe menn som hadde gjort teneste i det norske Luftforsvaret under den andre verdskrigen. Selskapet etablerte seg på flyplassen på Torp som var bygd i okkupasjonstida, og seinare kalla Sandefjord lufthamn, Torp. Ein av stiftarane hadde vore medlem i den norske 333. skvadron i Storbritannia under krigen, der skvadronen sitt første catalinafly fekk namnet «Vingtor», noko som kan forklara namnevalet på det nye selskapet.

Etter krigen vart eit stort tal allierte fly frå andre verdskrig lagt ut for sal til ein høvesvis rimeleg pris. Dette freista ein del til å starta eiga flyverksemd.

Selskapet fekk ei kort levetid og søkte forgjeves om konsesjon på å fly regulære ruter i Noreg, noko det aldri fekk. I løpet av den korte levetida til selskapet opererte det to maskinar av flytypen Consolidated PBY Catalina Mk.IVb. Kjenneteikna for dei to maskinane var LN-OAR og LN-OAP.

Selskapet gjennomførte nokre flygingar med passasjerar til Nord-Noreg med catalinaflya. Men etter eit havari med den eine catalinamaskinen, LN-OAR i Svolvær 5. august 1947, fekk selskapet mellombels inndrege driftsløyvet, og gjekk seinare konkurs.[1] Ingen menneskeliv gjekk tapt, flyet vart seinare heva frå ca. 190 metes djup, men vart kondemnert.[2]

Den gjenverande catalinamaskinen, LN-OAP, vart selt til Luftforsvaret der den vart brukt fram til han havarerte den 28. mars 1954 i samband med postflyging til Bjørnøya, kjent som Bjørnøya-ulukka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Catalina ulukka.
  2. Godt bergingsarbeid.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]