Bjørnøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om øya i Barentshavet. For øya i Antarktis, sjå Bear Island.
Bjørnøya
Geografi
Bjornoya Location Map-en.svg
Stad Barentshavet
Koordinatar 74°31′N 19°01′EKoordinatar: 74°31′N 19°01′E
Areal 178 km²
Høgaste punkt Miseryfjellet (536 moh.)
Administrasjon
Land Noreg

Bjørnøya er ei øy i Barentshavet på 178 km². Øya blei oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisande Willem Barents 10. juni 1596. På veg inn til land møtte folka hans ein symjande isbjørn. Derav kjem namnet Bjørnøya (på nederlandsk: Beeren Eiland). Øya høyrer til Noreg politisk sett. Ho er ganske avsidesliggande og ligg eit stykke sør for Spitsbergen, men ho er ein del av øygruppa Svalbard. Ho er au ein del av Svalbard administrativt sett, og dermed underlagt Svalbardtraktaten. På grunn av den geografiske plassen øya ligg på er ho sidan 1900-talet blitt stadig meir strategisk interessant, både frå ein militær, økonomisk og ressursmessig synsvinkel. Farvatna rundt Bjørnøya har vore eit av dei områda der omlasting av overfiska torsk har gått føre seg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit møte med ein symjande isbjørn i 1596 har gitt øya namn

1600- og 1800-talet blei det drive intens fangst av kvalross på Bjørnøya og fleire andre stader i Arktis, noko som førte til at bestanden blei utrydda. Mange fangstfolk fraus eller svalt i hel. Funn i ein del graver tyder au på valdsbruk mellom dei forskjellige fangstekspedisjonane.

Ein har au drive jakt på isbjørn. Dessutan har det au vore norsk og russisk kvalfangst og selfangst i havområda kring øya. Restar av ein kvalstasjon frå 190508 ligg på øya.

Statusen til Bjørnøya som norsk land blei endeleg fastslått ved Svalbardtraktaten av 9. februar 1920. Underteikninga fann stad i Paris. Signaturstatane var, forutan Noreg, USA, kongeriket Storbritannia og Irland, kongeriket Danmark, Frankrike, kongeriket Italia, keisarriket Japan, kongeriket Nederland og kongeriket Sverige. Blant dei landa som seinare tiltredde avtalen var blant anna Sovjetunionen (sjølv om sovjetarane i 1944 såg for seg ei anna løysing, sjå lengre ned).

Ikkje berre nordmenn men au svenskar har gjennomført geografiske ekspedisjonar for å utforske øya. Ein svensk ekspedisjon gjennomførte dei fyrste undersøkingane i Ellasjøen, ein innsjø som ligg på den sørlege delen av Bjørnøya. I perioden fram til 1930-talet var det fleire ekspedisjonar som beskreiv geologi, flora og fauna. Heilt sidan 1609 har ein vore kjent med at øya hadde førekomstar av kol. Gruveanlegget ved Tunheim blei etter kvart etablert med 25 hus, og i perioden 191540 blei det gjort optimistiske, men mislykka forsøk på lønsam gruvedrift. Rester av jernbanelinja frå gruvene til utskipingshamna på øya er framleis synleg.

Heile Bjørnøya var i privat eige frå Bjørnøen AS blei stifta i 1918 fram til 1932 da staten overtok alle aksjar. Bjørnøen AS eksisterer framleis som eit statleg aksjeselskap. Styret for Kings Bay AS er au styre for Bjørnøen AS. Styret er underlagt eigarskapsseksjonen i Nærings- og handelsdepartementet.

I 2002 blei Bjørnøya med sjøområdet ut til fire nautiske mil freda som naturreservat.

Den strategiske betydninga til Bjørnøya[endre | endre wikiteksten]

Både under andre verdskrig og under den kalde krigen hadde farvatna rundt Bjørnøya stor militærstrategisk viktigheit. Sjølv om militærinstallasjonar eller hamner på sjølve øya ikkje gir mykje meining, har det vore av stor viktigheit kva land eller alliansar som har beherska denne delen av Barentshavet.

Under andre verdskrig kom verken Bjørnøya eller resten av Svalbard under tysk militær kontroll, men i september 1941 plasserte den tyske marine ein automatisk radiostasjon på øya.

Dei vestallierte forsyningskonvoiane med militærutstyr til sovjetrusserane segla frå Atlanterhavet og forbi Bjørnøya (sør eller nord for øya) på vegen sin til Murmansk og andre hamner på Kolahalvøya, og angrepa frå den tyske krigsmarinen og Luftwaffe på konvoiane var særleg intense i nettopp dette farvatnet. Til dømes hadde konvoien PQ-17, den som blei gjenstand for dei kraftigaste angrepa, dei største tapa sine i området nord for Bjørnøya i juli 1942. Dei nesten like dramatiske angrepa på konvoien JW 51B fann stad nyttårskvelden 1942 aust for Bjørnøya.

Sjøslaget ved Nordkapp mellom den britiske og den tyske marinen utspelte seg over eit stort sjøområde søraust for Bjørnøya jula 1943, og begynte nokså nær Bjørnøya. Her mista tyskarane slagskipet Scharnhorst.

Utanrikskommissæren til Sovjetunionen, Vjatsjeslav M. Molotov.

I november 1944 foreslo utanrikskommissæren til Sovjetunionen, Vjatsjeslav M. Molotov, overfor utanriksminister til Noreg, Trygve Lie (London-regjeringa), at Svalbardtraktaten skulle bli annullert, eller «kastast i papirkorga», som han sa. Molotov foreslo at hovudøygruppa med Spitsbergen skulle gjerast til eit norsk-sovjetisk «kondominium», dvs. komma under norsk-sovjetisk felles administrasjon. Bjørnøya skulle derimot bli overført til sovjetisk suverenitet. Seinare, i april 1945 var «forslaget» justert: Nå meinte russarane at ein skulle einast om at «forsvaret av Svalbard-øygruppa er eit fellesomstende for Noreg og Sovjetsamveldet.» Til gjengjeld unngikk dei omgrepet «kondominium», og det blei ikkje sagt noko om at Bjørnøya skulle bli overført til sovjetisk suverenitet.

Sovjetunionen fråfall deretter i all stille den pågåande interessa si for justeringar av status quo.

Det elektroniske utstyret i halen til P-3C Orion-flya til 333-skvadronen gjer dei til gode ubåtjegerar.

Under den kalde krigen var farvatna mellom Finnmark og Svalbard av stor militær interesse. Den sovjetiske nordflåten måtte gjennom desse farvatna for å nå ut til Nordatlanteren. Dette gjaldt utan vilkår alle overflateskipa, og sjølv om ubåtane kunne nytte seg av ruter nord for Svalbard ville dei likevel vanlegvis passere mellom det norske fastlandet og Bjørnøya, eller mellom Bjørnøya og Spitsbergen, ettersom dette var den kortaste og lettaste kursen. NATO-overvakinga av farvatna var intens, både med skip, fly (som frå den norske 333-skvadronen), satellittar og for eksempel lytteutstyr på havbotnen.

Den 7. april 1989 braut det ut brann på den sovjetiske atomubåten «K-278 Komsomolets», og han søkk 74 km sørsøraust av Bjørnøya. Av mannskapet på denne angrepsubåten omkom 42, mens 25 blei redda. Andre episodar av liknande (men moglegvis mindre alvorleg) karakter skjedde i same periode i farvatn noko lenger unna Bjørnøya. Norske analyser av prøver tatt i 1994 på havbotnen ved «Komsomolets» har visa at radioaktivt plutonium lekk eller har lekke ut av dei to atomtorpedoene i vraket.

Den norske kystvakta og 337- og 330-skvadronane i luftforsvaret er framleis engasjert i overvaking av farvatna, men nå er hovudgrunnen for overvakinga knytt til forvaltinga av dei store fiskeriressursane i havområda. Det gjeld å forhindre overfiske og tjuvfiske. Det har vore, og tildels er, særlege vanskelege konfliktar med utanlandske fiskarar, blant anna med islandske og russiske fiskebåtar.

I slutten av oktober 2005 sa sjefen for kystvakta, Geir Osen, at ein i 2004 dokumenterte eit uregistrert fiske i Barentshavet på 100 000 tonn torsk. Det svarar til fisk for éin milliard kroner eller ein femdel av det lovlege fisket i området. Det er i hovudsak russiske fiskefartøy som står bak tjuvfisket, meinte Osen. På sikt kan overfiske føre til at ein ikkje når målet om ei berekraftig utvikling.

Kystvakta har registrert at det skjer mykje omlasting av fisk til havs. Omlasting betyr at eit fiskefartøy leverer fangsten til eit transportfartøy som bringar fiskeprodukta til land, for eksempel ei hamn i Europa. Kystvakta meinte at mykje tyder på at ein del av fisken som blir omlasta, aldri blir rapportert til dei norske myndigheitene. Dermed blir kvotene overfiska. Overfisket er ein trussel mot spesielt torskebestanden i Barentshavet.

Bjørnøya og Hopen har tradisjonelt vore dei områda der omlastinga har skjedd. I 2004 blei det au registrert auka omlasting i Gråsona, Smuttholet og Smutthavet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mesteparten av øya er verna som Bjørnøya naturreservat. Midtpunktet på øya ligg kring 74°26′ N 19°04′ A. Bjørnøya naturreservat blei oppretta ved kongeleg resolusjon den 16. august 2002. Naturreservatet omfattar heile øya og tilhøyrande sjøområde ut til fire nautiske mil, med unntak av eit mindre landareal (1 200 daa) omkring stasjonen i nord.

Øya er omtrent hjarteforma, med ein spiss omtrent rett mot sør, og måler ca. 20 km frå nord til sør. Ho er ca. 15 km på det breiaste. Ho stikk opp frå eit undervassplatå med djup på mindre enn 100 meter. Øya er sterkt påverka av bølgjeaktivitet, og er difor nesten overalt omgitt av bratte klippekystar. Landskapet kan naturleg bli delt i eit sørleg fjellområde og eit nordleg låglandsområde. Fjellområdet utgjer ca 1/3 av arealet til øya, mens låglandsområdet utgjer 2/3. Låglandsområdet endar oftast i ein 10-30 meter høg brattkant mot sjøen, noko som dei fleste stader gjer landing med båt vanskeleg. Det finst enkelte viker med sandstrender og sandbotn, men heller ikkje desse er særleg godt verna mot vind og sjø. Kystlinja er svært eksponert overalt, og havet grev seg stadig innover, særleg i dei yngre, lause bergartane der erosjonen går raskt.

Den sørlege delen av øya er dominert av fjellmassiv. Miseryfjellet med dei tre toppane Urd (536 meter) Verdande (462 m) og Skuld (454 m), og Antarcticfjellet på 360 m pregar søraustkysten. Frå sørspissen og fem km oppover langs vestkysten reiser Fuglefjellet (411 m), Hambergfjellet (440 m) og Alfredfjellet (420 m) seg som høge kystklipper frå havet. Rundt den mest sørlege delen av øya er det loddrette stup på meir enn 400 m som går rett i havet. Høge, frie fjellveggar nær kysten finn ein au i austsida av Miseryfjellet. Nær sørspissen har erosjonen til bølgjene saman med oppsprekkinga i bergartane forma trolske oppstikkande «staurar», som Sylen og Stappen. Mindre staurar finst au på nordaust- og vestsida av øya. På sørøya finn ein au kystholer, blant anna den kjente Perleporten kor det er mogleg å passere med småbåt.

Bjørnøya har over 700 små innsjøar, som dekker omkring elleve prosent av arealet. Dei største av innsjøane er Øyangen midt på øya og Laksvatnet i nord. I sør ligg Ellasjøen, som fekk namnet sitt etter fornamnet til kona til leiaren for ein svensk forskingsekspedisjon på 1920-talet. Blant andre vatn kan ein nemne Spælvatnet, Vomma, Helin, Kalven, Lomvatnet og Hausvatnet.

Bjornoya map.png

Verksemd på Bjørnøya i dag[endre | endre wikiteksten]

Som på Jan Mayen er det ikkje permanent busetnad på øya, men på nordsida av øya ligg Bjørnøya meteorologiske stasjon som er manna året rundt. Stasjonen ligg i Herwighamna og er den einaste faste verksemda på øya. Her er det normalt ni tilsette med halvårskontraktar.

Bjørnøya meteorologiske stasjon[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet på Bjørnøya meteorologiske stasjon består i hovudsak av telekommunikasjon (Bjørnøy radio) og meteorologiske observasjonar. I tillegg betener besetninga ein del forskingsinstallasjonar for norske og utanlandske forskingsinstitusjonar. Eit nytt stasjonsbygg blei tatt i bruk i 1968.

Bjørnøy radio[endre | endre wikiteksten]

Bjørnøy radio (LJB) blei oppretta i 1919. Hausten 1996 blei ekspedisjonen fjernstyrt over satellitt og blir nå styrt frå Bodø radio. Lokalet til gamle Bjørnøy radio er i dag innreidd som eit museum. Denne radiobygningen blei bygd på 1940-talet.

Forsking i dag[endre | endre wikiteksten]

Norsk Polarinstitutt gjennomfører årvisse ekspedisjonar til Bjørnøya, for det meste i ornitologiforsking. Utsiktene til oljeleiting i farvatna sør for Bjørnøya har auka verdien av forsking og observasjonar. Dette var bakgrunnen for at polarinstituttet i 1986 etablerte eit program for overvaking av sjøfuglbestandane på Bjørnøya.

Forsking på klimaendringar og miljøforgifting blir i aukande grad vektlagt.

I dei seinare åra har natur- og miljøforskinga som har vore gjennomført på øya, frambrakt resultat som vekker internasjonal oppsikt. På 1980-talet blei det funne døde polarmåsar på Bjørnøya. Funn av miljøgifter i det arktiske miljøet og ei begynnande forståing for at miljøgifter kan langtransporterast med luft- og havstraumar resulterte i at overvakingsprogrammet AMAP (Arctic Monitoring and Assessment Programme) blei starta opp i 1991. Miljøgiftene på øya er langtransporterte og kjem frå dei industrialiserte landa lengre sør. Organiske miljøgifter blir oppkonsentrert i dei feittrike arktiske næringsskjedene og fleire undersøkingar har visa at miljøgiftene kan påverke dyrelivet negativt.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turiststatistikken for Bjørnøya er svært mangelfull. Dette skyldast blant anna at ein del båtar anløper Bjørnøya på tur nordover, utan å ha vore i kontakt med Sysselmannen på Svalbard. Det blei omkring tusenårsskiftet likevel registrert ein noko aukande frekvens av turistar som vitja øya. Det er berre registrert turistferdsel i månadane frå juni til september.

Ut frå kor det er mogleg å koma i land og kjennskapen til kor folk går i land, veit ein at det er i Sørhamna, Kvalrossbukta, Russehamna og Herwighamna (stasjonen) det oftast går folk i land frå båtar. Ved gode vêr- og landgangsforhold blir Tunheim år om anna au besøkt. I tillegg må det nemnast at fleire av båtane som passerer Bjørnøya, går opp mot land ved fuglefjella sør på øya med turistar.

Dyre- og fugleliv, ferskvassfisk[endre | endre wikiteksten]

Det er sjøfuglane som dominerer dyre- og fuglelivet på Bjørnøya. Dei hekkar i klippeveggane rundt heile øya, men spesielt store er koloniane rundt sørspissen. Samla sett blir Bjørnøya rekna for å ha ein av dei største sjøfuglkoloniane på den nordlege halvkula. Ein av grunnane til opprettinga av Bjørnøya som naturreservat var at torvavsetninga på toppen av fuglefjella er sårbare, og ville kunne bli påført stor skade eller bli øydelagt utan eit tilstrekkeleg vern.

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Heile 126 fuglearter er registrert på eller ved øya, somme av dei rett nok truleg tilfeldige besøk av fugl med leveområde lenger sør. 33 artar er registrert som hekkande.

Lunde.

Blant dei mange fugleartane som hekkar på øya kan ein blant anna nemne: alkefugl (som lomvi, polarlomvi (au kalla islom), alkekonge, lunde, teist og alke), måsefuglar (som krykkje, polarmåse, svartbak og raudnebbterne), vassfuglar som andefuglar og lommar, og andre sjøfuglar som havhest, tjuvjo og storjo. Snøsporven er den einaste sporvefuglen som er vanleg på Bjørnøya, likevel trur ein at nokre få steinskvettar au hekkar her.

Om hausten er Bjørnøya viktig rasteplass og beiteområde for trekkande gjæser på veg sørover til vinterområda frå Spitsbergen og andre delar av Svalbard. Dette gjeld fyrst og fremst kvitkinngås, der så godt som heile bestanden mellomlandar på Bjørnøya. Au kortnebbgås og ringgås nyttar Bjørnøya til mellomlanding på veg sørover. Nokre få par av kortnebbgås og kvitkinngås hekkar på øya.

Andre polare fuglar som er observert er svalbardrype og snøugle.

Pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Av pattedyr er det ein beskjeden bestand av polarrev på øya, og det er au jamnlege besøk av isbjørn.

Ferskvassfisk[endre | endre wikiteksten]

Ferskvassfaunaen blir beskriven som fattig. Svalbardrøye er den einaste fiskearten.

Diverse[endre | endre wikiteksten]

Bjørnøya blir omtala i spenningsromanen «Bear Island» skriven av Alistair MacLean frå 1971. I 1979 blei boka filmatisert, med filmstjernene Donald Sutherland, Richard Widmark, Vanessa Redgrave og Christopher Lee. Filminnspelinga fann stad i Canada og Alaska, og landskapsscenane har slett ingen likskap med det verkelege landskapet på Bjørnøya.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørnøya: historie, natur og forskning. (Tromsø museum, 2004) ( hefte, 72 s.) (temanr av Ottar ; nr 253)
  • Willem Barentsz' siste reise / etter Gerrit de Veers skildring frå 1598 ; omsett og med innleiing, kommentarar og noter av Inez Boon Ulfsby. (Aschehoug, 1997)
  • Keilhau, B.M. (1797–1858). En reise til Beeren Eiland og Spitsbergen i 1828. (Skien: Vågemot miniforl., 1997) (hefte, 48 s.)
  • Kjelldahl, Dag Hagenæs. Bjørnøya: På utpost i ishavet. (Grøndahl forlag, 1973)
  • Worsley, David mfl «The geological evolution of Bjørnøya, Arctic Norway: implications for the Barents Shelf» (Norwegian Journal of Geology 81, 195–234, 2001)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bjørnøya