Violent Thing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Violent Thing»
Song av Ben Dolic
Land Tyskland
Språk Engelsk
Utgjeve 27. februar 2020
Sjanger Pop
Lengd 03:18
Selskap Universal Music
Låtskrivar(ar) Borislav Milanov, Peter St. James, Dag Lundberg, Jimmy Thorén, Connor Martin

«Violent Thing» (norsk 'valdeleg' eller 'valdsam ting') er ein popsong frå 2020 som vert framført av den slovenske songaren Ben Dolic. Songen er skriven av Borislav Milanov, Peter St. James, Dag Lundberg, Jimmy Thorén og Connor Martin, og vart utgjeven 27. februar 2020. «Violent Thing» skulle vore det tyske bidrag i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland,[1][2] men tevlinga vart avlyst for å hindre spreiinga av koronaviruset.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Etter at Tyskland kom nest sist med S!sters i Eurovision Song Contest 2019, valde dei tyske kringkastarane ARD og NDR å gå for ei intern utveljing i 2020.[3][4] «Violent Thing» var blant bidraga som vart sende inn. Han var skriven av Borislav Milanov saman med låtskrivarlaget sitt Peter St. James, Dag Lundberg, Jimmy Thorén og Connor Martin.[5]

To jurygrupper plukka ut «Violent Thing» til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2020. Den eine jurygruppa bestod av hundre personar frå heile Tyskland, medan den andre jurygruppa var ei internasjonal jurygruppe med 20 profesjonelle musikarar. Begge jurygruppene evaluerte alle dei innsende bidraga og artistane.[3] Artisten vart den slovenske popsongaren Ben Dolic, som fekk merksemd i Tyskland då han kom på andreplass i The Voice of Germany i 2018. Dolic sa i eit intervju at: «Å delta i Eurovision Song Contest for Tyskland var ein draum som gjekk i oppfylling for meg. Dette er staden der eg slo gjennom som profesjonell songar. Eg trur vi har den perfekte songen for Eurovision Song Contest, og eg skal gje alt eg har for Tyskland.»[6]

Som eit av dei «fem store landa» var Tyskland direktekvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy i Nederland laurdag 16. mai 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa i 2020.

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 27. februar 2020 Digital nedlasting, strøyming Universal Music [2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ben Dolic will sing "Violent Thing" for Germany at Eurovision 2020» (på engelsk). 27. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Violent Thing (feat. B-OK) - Single by Ben Dolic on Apple Music». Apple Music. Henta 2. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 NDR. «ESC 2020: "Unser Lied für Rotterdam"» (på tysk). Henta 2. mars 2020. 
  4. «Why is Germany going internal for Eurovision 2020? Thomas Schreiber explains» (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  5. «Ben Dolic will sing "Violent Thing" for Germany at Eurovision 2020» (på engelsk). 27. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  6. «Ben Dolic to Rotterdam for Germany with 'Violent Thing'». 27. februar 2020. Henta 28. februar 2020.