Dei fem store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Dei fem store» på europakartet.

«Dei fem store» (tidlegare «Dei fire store») er ei nemning på dei fem landa som alltid er kvalifiserte til finalen i Eurovision Song Contest. Desse landa er Tyskland, Frankrike, Spania, Storbritannia og Italia.

Sidan 2000 har Tyskland, Frankrike, Spania og Storbritannia vore automatisk kvalifiserte til finalen fordi dei er dei største økonomiske bidragsytarane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Dei var kjend som «dei fire store» på grunn av den spesielle statusen sin. I 2011 kom Italia att til tevlinga for fyrste gong sidan 1997, og vart med i denne gruppa, som deretter blei kalla «dei fem store».

Tyskland vart i 2010 det fyrste av dei fem landa som vann tevlinga etter at denne gruppa vart til. I 2021 vann Italia tevlinga som det andre av dei fem store landa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]