Vipavadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landsbyen Branik i Vipavadalen.

Vipavadalen (slovensk Vipavska dolina, tysk Wippachtal, italiensk Valle del Vipacco) er ein dal i Primorska i Slovenia, mellom byane Nova Gorica og Vipava. Han er ein smal dal og er den viktigaste gjennomfartsåra mellom låglandet Friuli og sentrale område av Slovenia. Dermed er han òg ein viktig veg mellom Nord-Italia og Sentral-Europa. Han er lukka i sør av Krasplatået, og i nord av den høgtliggande Trnovoskogen. Dalen er kalla opp etter elva som renn gjennom dalen. Den største staden i dalen er Ajdovščina. Administrativt er dalen del mellom kommunane Ajdovščina, Vipava, Nova Gorica, Renče-Vogrsko og Miren-Kostanjevica. Del av kommunen Savogna d'Isonzo i provinsen Gorizia i Italia er òg ein del av regionen.

Regionen har eit relativt mildt klima som høver for dyrking av forskjellige typar frukt (hovudsakleg fersken, aprikos, daddel og fiken. Vipavadalen er òg kjend for vinen som vert produsert her, særleg kvitvinen. Av kvite duer er dei mest vanlege variantane i regionen Chardonnay, Sauvignon og dei stadeigne typane Zelen, Pinela og Vitovska Garganja, og av raude variantar Merlot, Barbera og Cabernet Sauvignon.

Dalen er kjend for stundom å verte råka av den særs sterke boravinden (burja), som er særleg sterk i området mellom byane Vipava og Ajdovščina.

Historisk har den øvre delen av dalen, inkludert byane Vipava og halve byen Ajdovščina, vore ein del av Hertugdømet Krain (meir nøyaktig Innerkrain eller Notranjska), medan den lågare vestlege delen av har vore ein del av Grevskapet Gorizia og Gradisca og dermed høyrt til Küstenland i Austerrike.

Kjende personar som vart fødd eller levde i regionen er målarane Zoran Mušič og Veno Pilon, diktarane Stanko Vuk, Simon Gregorčič, Josip Murn og Nevin Birsa, diplomat og forfattar Sigismund von Herberstein, historikar Martin Baučer, predikantane Sebastijan Krelj og Janez Svetokriški, Stanko Premrl som skreiv den slovenske nasjonalsongen, og motstandsmannen Janko Premrl Vojko, forfattar Danilo Lokar, litteraturhistorikar Avgust Žigon og designer Oskar Kogoj.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]