Bora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bora i Kroatia

Bora er ein katabatisk vind frå mellom nord og nordaust i Adriaterhavet, Hellas, Russland og Tyrkia. Namnet kjem av figuren Boreas frå gresk mytologi, som tyder Nordavinden.

Boravinden oppstår ofte i Dalmatia og langs resten av austkysten av Adriaterhavet, og kjem ofte i form av vindkast. Boraen er vanlegast om vinteren, og er kraftigast når ein har eit høgtrykk over dei snødekte dinariske alpane på grensa mellom Kroatia og Bosnia-Herzegovina og eit lågtrykk over Adriaterhavet. Når lufta vert kaldare og tyngre om natta aukar boravinden. I tillegg deler ein vinden inn i to forskjellige typar, «klårvêrsbora» eller «mørk bora» (når det er skya).

Området som oftast får den kraftigaste boravinden er Velebitfjellrekkja i Kroatia. Denne fjellrekkja som går langs kysten fungerer som eit vêrskille mellom eit kontinentalt klima i dei indre områda og Adriaterhavskysten som har Middelhavsklima. For uerfarne seglarar kan boravinden vere farleg i dette området, sidan vinden bråt kan starte på natta etter ein klår og roleg dag. Nær byar som Senj og Karlobag i Kroatia kan vindstyrken kome opp i 60 m/s.

Vinden utgjer òg ein stor del av klimaet i Krasområdet i Slovenia og i Trieste i Italia. Bygningar i dette området er ofte solide, og byane har ofte smale gater på grunn av vinden. Kraftig boravind har ein òg i Novorossiysk i Russland, der vinden kan kome opp i 60 m/s.