Vitebsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vitebsk
Vitsiebsk
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Belarus
Fylke Vitsiebsk voblasts
Areal 124,54 km²
Folketal 359 148 (1. januar 2023)
Kart
Vitsiebsk
55°10′0″ N 30°10′0″ E
Wikimedia Commons: Viciebsk

Vitebsk, (russisk: Витебск, belarusisk: Віцебск), er ein by i det nordaustlege Belarus tett ved grensa til Russland. Elva Dvina renn gjennom den nordlege delen av byen, der det er ei elvehamn. Byen hadde 353 300 innbyggjarar i 2004.

Det finst ein del industri i byen, blant anna maskinindustri, næringsmiddelindustri og tekstilindustri. Vitebsk er jernbane- og vegknutepunkt, men òg eit kulturelt sentrum med universitet, teater, fleire museum, fleire galleri og mange minnesmerke.

Vitebsk vart mesta heilt utsletta under andre verdskrigen. Han vart teken av tyske troppar 10. juli 1941, og ca 15 000 av jødane i byen vart drepne dei følgjande månadene. Den 26. juni 1944 vart byen frigjord av Den raude arméen.

Byen er elles mellom anna kjend for at kunstnaren Marc Chagall var fødd her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]