Vitry-le-François

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Vitry-le-François
Byvåpenet til Vitry-le-François
Byvåpenet til Vitry-le-François
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Marne
Geografi
Flatevidd
 - By

6,45 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

16 737
  2 594/km²
Koordinatar 48°43′″N 04°35′″EKoordinatar: 48°43′″N 04°35′″E
Høgd over havet 105 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 51300
Heimeside: www.vitry-le-francois.net

Vitry-le-François er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Marne i regionen Champagne-Ardenne og har om lag 17 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved elva Marne. Om lag 10 km søraust for byen ligg den største kunstige innsjøen i Frankrike, Der-Chantecoqsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har fått namn etter Kong Frans I av Frankrike, som lét innbyggjarane byggje opp att byen etter at hæren til Karl V av Det tysk-romerske riket hadde lagt byen grus. Han vart derimot ikkje bygd opp att på nøyaktig same stad. Landsbyen Vitry-en-Perthois, tidlegare kalla Vitry-le-Brûlé, ligg i dag på den gamle staden.