Elva Marne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marne
elv
Marne i Noisy-le-Grand
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 12 800 km²
Lengd 525 km
Middelvassføring 100 /s
Kjelde Champagne-Ardenne
Munning Seinen
Kart
Elva Marne
47°49′6″ N 5°21′0″ E
Wikimedia Commons: Marne River

Marne er ei elv aust og søraust for Paris i Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå høgre. Ho er om lag 525 km lang, og har gjeve namn til dei franske departementa Haute-Marne, Marne, Seine-et-Marne og Val-de-Marne.

Marne har sitt utspring på Langres-platået, og renn hovudsakleg nordover, før ho snur vestover mellom Saint-Dizier og Châlons-en-Champagne. Ho munnar ut i Seinen ved Charenton-le-Pont like oppfor Paris.

Champagne-regionen renn elva gjennom den kunstige innsjøen Lac du Der-Chantecoq, for å regulere vassføringa i elva. Dette gjer at ein hindrar store svingingar i vassnivået i elva.[1]

Marne var åstad for Slaget ved Marne to slag under den første verdskrigen. Det første slaget i 1914 var vendepunktet i første verdskrig. Det andre slaget vart utkjempa fire år seinare, i 1918.

På 1800- og 1900-talet inspirerte Marne mange målarar, som:

Departement og byar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Apprivoiser la Marne, arkivert frå originalen 24. november 2006, henta 22. april 2007