Volvo BM BV202

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norsk Volvo BM BV202NF1 på øving i 1981

Volvo BM BV202 er eit amfibisk rammestyrt beltedrivi terrengkøyretøy produsert av AB Bolinder-Munktell i Arvika.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

BV202 har dei fleste komponentane frå Volvo. Krafta frå motoren overførast via girkassa og den ekstra girkassa vidare via mellomakslar til belta på både framvogna og bakvogna. Belta er av gummi innvendig forsterka med stål. Køyretøyet er rammestyrt, via hydrauliske sylindrar mellom fram- og bakvogn. Framvogna kan ikkje fråkoplast bakvogna og brukast på eigenhand, da ho ikkje ville ha vore i stand til å styre.

Volvo BM BV202 har vore i militær teneste i Sverige, Noreg (–2000?), Nederland, Canada og Storbritannia (1962–1981).

Tekniske data på dei norske versjonane:
BV202N BV202NF1
Felles
Motor: Volvo B18B Volvo B20B
Slagvolum: 1,78 l 1,986 l
Kompresjon: 8,7:1
Effekt: 82,5 hk (60,7 kW) v/5300 o/min. 97 hk (71,4 kW) v/5300 o/min.
Forgassar To stk. SU-HS6 To stk. SU-HS6 (modifisert)
Dreiemoment: 128 Nm v/3500 o/min. 145 Nm v/3500 o/min.
Elektrisk: 24 volt
Hovudgirkasse: Volvo M400 ZF S4-18/3
Ekstra girkasse: Volvo G5 Volvo G5 (modifisert)
Drivakslingar: Salisbury 5 HA
Styring: Mekanisk med hydraulisk servo Hydrostatisk
Mannskap: Vognførar og vognkommandør framme, åtte mann i bakvogna
Lengde: 6175 mm
Breidd: 1760 mm
Høgde: 2210 mm
Bakkeklaring: 280 mm
Vekt: 3200 kg
Last: 1000 kg
Varme i bakvogna: Ingen Eberspächer B4L-24V (4300 W)
Hastighet: 39 km/t
Drivstofftank: 2·78 l
Rekkevidd: 200 til 400 km avhengig av underlaget


Variantar[endre | endre wikiteksten]

  • BV202N
  • BV202NF1
  • Radiobandvagn 203

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Teknisk håndbok: Beltevogn, rammestyrt, BV 202N og BV 202NF1, Hærens forsyningskommando 1977

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Volvo BM BV202

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]