Vostoksjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 77°30′S 106°00′E
Vostoksjøen
Lake Vostok
innsjø
none  Sett frå verdsrommet med radar kan ein sjå Vostoksjøen som eit flatt område på iskalotten. (NASA GSFC)
Sett frå verdsrommet med radar kan ein sjå Vostoksjøen som eit flatt område på iskalotten. (NASA GSFC)
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 77°30′S 106°00′E
Lengd 250 km
Djupne 344 m
Største djupne 900 m
Volum 5 400 ± 1 600 km³
Areal 15 690 km²
Type subglasial riftsjø
Hydraulisk opphaldstid 13 300 år
Administrert under Antarktistraktaten
Vostoksjøen is located in Antarktis
Vostoksjøen (Antarktis)

Vostoksjøen er den største av meir enn 140 subglasiale innsjøar, innsjøar som ligg under isen, i Antarktis. Han ligg under den russiske Vostokstasjonen, 4000 meter under isen. Han er 250 km lang og 50 km på det breiaste, og har dermed liknande storleik som Ontariosjøen og er delt inn i to store basseng, delt av ein rygg. Vatnet over ryggen er om lag 200 meter djup, medan den nordlege halvdelen er kring 400 meter djup og den sørlege omkring 800 meter. Vostoksjøen dekkjer eit areal på 15 690 km² og består av ferskvatn. Han har eit estimert volum på 5400 km³. Middeldjupna er 344 meter. I mai 2005 vart det funne ei øy midt i innsjøen.

Innsjøen vart bora av russiske forskarar i 2012. Den overliggande isen gjev ein kontinuerleg paleoklimatisk arkiv på 400 000 år, sjølv om vatnet kan ha vore isolert i 15 [1][2] til 25 million år.[3] Den 5. februar 2012 hevda eit lag av russiske forskarar å ha fullført den lengste iskjerneprøven gjennom tidene med ei lengd på 3768 meter med is, og bora gjennom isflata i overflata på innsjøen.[4] Så snart isen vart gjennomtrengt, spruta vatn frå innsjøen opp boreholet.[5]

Den første kjernen med nyfrosen innsjøis vart henta opp 10. januar 2013 frå ei djupne på 3406 meter,[6] og er enno ikkje analysert.[7] Det russiske laget har planar om å sende ein sonde ned i vatnet for å hente opp vassprøvar og sediment frå botnen. Ein trur at det kan finnast uvanlege livsformer i vatnet. Sidan Vostoksjøen består av eit miljø som har vore avskoren frå omverda i millionar av år, i tilhøve som kan minne om dei ein trur finst i det isdekte havet på Jupitermånen Europa.[8][9]

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Radarbilete[endre | endre wikiteksten]

Radardata teken frå lufta var dei første som synte at det fanst innsjøar under iskalotten i Antarktis seint i 1960- og tidleg i 1970-åra. Vostoksjøen vart først oppdaga i 1973 av forskarar på Scott Polar Research Institute, men han fekk ikkje namn av dei.[10]

Russiske og britiske forskarar skisserte innsjøen i 1996 ved å nytte forskjellige data, mellom radarar frå lufta, som kunne trengje gjennom isen. Det har vorte stadfesta at innsjøen inneheld store mengder flytande vatn under den over 3 km tjukke iskappa, og er truleg den mest uforderva innsjøen på jorda.

Innsjøen er utan tvil særs gammal. Opphavleg trudde ein at det same vatnet hadde halde seg i innsjøen sida innsjøen vart danna, noko som hadde gjeve ei hydraulisk opphaldstid på fleire millionar år.[11] Seinare forsking av Robin Bell og Michael Studinger frå Lamont-Doherty Earth Observatory ved Columbia University foreslo at vatnet i innsjøen stadig frys til og vert flytta med isen i Antarktis, men vart erstatta av is som smelta frå andre delar av iskappa, noko som er mogeleg under så høgt trykk som ein har ved overflata av innsjøen. Det vart då estimert at all vatnet kan bytast ut etter 13 300 år.[12] Til samanlikning har Ontariosjøen ei hydraulisk opphaldstid på om lag seks år, noko som er vanleg for ein innsjø på denne storleiken.

Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Middeltemperaturen i vatnet er rundt 3 ºC, noko som er underkjølt vatn og under normalt frysepunkt for vatn. Vatnet frys likevel ikkje fordi trykket er særs høgt på grunn av isen over vatnet. Geotermisk varme frå det indre av jorda varmar opp botnen av innsjøen. Sjølve iskappa isolerer innsjøen frå dei låge temperaturane på overflata.

Iskjerne[endre | endre wikiteksten]

Forskarar ved Vostokstasjonen produserte ein av dei lengste iskjernene i verda i 1998. Eit forskarteam frå Russland, Frankrike og USA bora og analyserte kjernen, som var 3623 meter lang. Isprøvar frå kjernar nær toppen av innsjøen er analyserte til å vere så gammal som 420 000 år, noko som tyder på at innsjøen har vore dekt av is for mellom 500 000 og meir enn ein million år. Forskarane stoppa boringa før ein nådde innsjøen, fordi ein ikkje ville forureine vatnet med freongassen og flybensinen ein nytta for å hindre at boreutstyret fraus fast.[13].

I kjernane fann ein spor etter mikrobar, noko som indikerer at innsjøen kan innehalde liv. Forskarane trur at innsjøen kanskje inneheld eit unikt habitat for eldgamle bakteriar med genar som er typiske for dei som vart utvikla for ein halv million år sidan.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moskvitch, K (27 January 2011). «Lake Vostok drilling in Antarctic 'running out of time'». BBC News. 
  2. «Secrets of Antarctica's 15-Million Year-Old Lake -A Galaxy Classic». The Daily Galaxy. 5 December 2007. 
  3. Studinger, M (2008). «Subglacial Lake Vostok». Columbia University. http://www.ldeo.columbia.edu/~mstuding/vostok.html. Henta 1 February 2011. 
  4. «Russians drill into previously untouched Lake Vostok below Antarctic glacier». The Washington Post. 6 February 2012. 
  5. «Hidden Antarctic Lake Spills Its Secrets». Discover Magazine. February 2013. 
  6. «Buried Lake Reached: Lake Vostok Water Retrieved After 14 Million Years». International Science Times. 15 January 2013. 
  7. «Russian scientists discover unidentified bacteria in sub-glacial Lake Vostok». Russia Today. 7 March 2013. 
  8. «'Lost World' reached: 20 million yr old Antarctic lake 'drilled'». RT. 6 February 2012. 
  9. «Triumph!». Mail Online. 9 February 2012. 
  10. Oswald, G. K. A.; Robin, G. de Q. (1973). «Lakes beneath the Antarctic Ice Sheet». Nature (5423): 251–254. doi:10.1038/245251a0. 
  11. Siegert MJ (2000). «The identification, examination and exploration of Antarctic subglacial lakes». Sci Prog 83 ( Pt 3): 223–42. PMID 11077478. 
  12. «Columbia University Scientists Present Long Sought Opportunities to Safely Explore Life Within Earth's Most Ancient and Inaccessible Ecosystem». The Earth Institute ved Columbia University. 21. mars 2002. http://www.earthinstitute.columbia.edu/news/2003/story08-27-03.html. Henta 10. september 2010. 
  13. Jouzel J, Petit JR, Souchez R, Barkov NI, Lipenkov VY, Raynaud D, Stievenard M, Vassiliev NI, Verbeke V, Vimeux F (1999). «More than 200 meters of lake ice above subglacial Lake Vostok, Antarctica». Science (5447): 2138–41. doi:10.1126/science.286.5447.2138. PMID 10591641. 
  14. Priscu JC, Adams EE, Lyons WB, Voytek MA, Mogk DW, Brown RL, McKay CP, Takacs CD, Welch KA, Wolf CF, Kirshtein JD, Avci R (1999). «Geomicrobiology of subglacial ice above Lake Vostok, Antarctica». Science (5447): 2141–4. doi:10.1126/science.286.5447.2141. PMID 10591642. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]