Vreni Schneider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verena «Vreni» Schneider (fødd 26. november 1964) er ein sveitsisk, tidlegare skirnnar. Ho vann verdscupen i alpint tre gongar, og heile 55 enkeltrenn. Seks gongar gjekk ho til topps i olympiske leikar og verdsmeisterskap. Ho vann i alt elleve medaljar i vinter-OL og ski-VM.

Schneider er frå landsbyen Elm i Glarus Süd, der ho også bur. Ho driv ein skiskule på heimstaden Elm og ein sportsbutikk i Glarus.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Schneider slo gjennom då ho i desember 1984 vann verdscuprennet i storslalåm i Santa Caterina. Ho lukkast ikkje i verdsmeisterskapen 1985 i Bormio, ein 12. plass i storslalåm var det heile. På tampen av gjennombrotssesongen vann ho i Waterville Valley sitt verdscuprenn nummer to. I 1986-sesongen vann ho tre renn i verdscupen, alle i storslalåm. Første sigeren i slalåm i verdscupen kom i Courmayeur i desember 1986.

Schneider vart verdsmeister i storslalåm 1987 i Crans-Montana. Til saman i sesongen vann ho seks verdscuprenn. I OL-sesongen 1988 vann ho einast to renn, men vart i Calgary olympiameister i både storslalåm og slalåm.

I verdscupen 1989 vann ho 14 verdenscuprenn, fleire sigrar enn nokon annan alpinist har prestert i ein og same sesongen. Ho vann då både verdscupen, slalåmcupen og storslalåmcupen. Under verdsmeisterskapen i Vail vann ho storslalåmtevlinga for tredje gong på rad (VM 1987, OL 1988, VM 1989), og sølvmedaljane i slalåm og den alpine kombinasjonen. I 1990-sesongen gjekk ho til topps i fem verdscuprenn, alle i storslalåm.

Sesongane 1991 og 1992 vann Schneider høvesvis tre og fem sigrar i verdscupen. Mellom desse var hennar tjuande og siste siger i storslalåm, i Oberstaufen på nyåret 1992. På skotårsdagen 1992 vann ho verdscuprennet i slalåm i Narvik, hennar einaste siger på norsk snø. I 1993 vann ho fire slalåmrenn i verdscupen, og i OL-sesongen 1994 sju slalåmrenn. Under vinter-OLLillehammer fekk ho sølv i kombinasjonen og bronse i storslalåm. I sin siste sesong vann ho fire slalåmtevlingar i verdscupen, den siste under verdscupavslutninga i Bormio 18. mars 1995. Ei veke seinare vart ho sveitsisk meister i slalåm, og melde då frå om at ho slutta som aktiv utøvar.

OL[endre | endre wikiteksten]

VM[endre | endre wikiteksten]

Verdscupen[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar: 1989, 1994, 1995. Nr 2: 1987. Nr 3: 1991
  • Vinnar av slalåmcupen: 1989, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995
  • Vinnar av storslalåmcupen: 1986, 1987, 1989, 1991, 1995

55 sigrar i enkeltrenn i verdscupen, 34 kom i slalåm, 20 i storslalåm og ein i kombinasjon. 100 gongar kunne ho klive opp på plallen i verdscupen.

Schneider la opp i 1995, etter å hå vore i verdseliten i alpint i elleve sesongar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]