Baden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Badens våpenskjold
Baden 1806-1945

Baden er eit område i den sørvestlege delen av det noverande Tyskland, og utgjer grovt sett den vestlege delen av den noverande delstaten Baden-Württemberg. Markgrevane av Baden var ei gammal fyrsteslekt med namn etter borga Hohenbaden i Baden-Baden. I løpet av mellomalderen og dei seinare århundra skaffa dei seg eit territorium mellom Schwarzwald og Rhinen og delte seg i fleire linjer, som vart samla til eitt markgrevskap i 1771.


Napoleon[endre | endre wikiteksten]

I samband med oppløysinga av det heilage tysk-romerske riket i 1806 gjorde Napoleon Baden til eit storhertugdømme, og Baden fekk tildelt så mange nye territorium at arealet femdobla seg. Baden vart deretter ein suveren stat, og etter den tyske revolusjonen i 1848 også ein av dei mest liberale blant dei tyske statane.

Det tyske keisardømet[endre | endre wikiteksten]

I 1871 vart Baden eitt av sambandslanda i det nye tyske keisardømet og grensa den gongen til rikslandet Elsass-Lothringen, kongeriket Bayern, storhertugdømmet Hessen-Darmstadt, kongeriket Württemberg, kongeriket Preussen (Hohenzollern) og Sveits. Hovudstaden var Karlsruhe.

Det 20. århundre[endre | endre wikiteksten]

I 1918 vart Baden ein eigen republikk. I 1952 vart Baden slått saman med Württemberg-Baden og Württemberg-Hohenzollern og danna den nye staten Baden-Württemberg.

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Baden er i dag eit kulturelt omgrep og særleg Sør-Baden er kjent for det milde klimaet sitt og god vin. Det gamle stammeomgrepet alemannisk vert ofte brukt både som nemning for den badiske dialekten og om badiske særeigenskapar generelt.
  • Den siste felles kronprinsessa i Sverige-Noreg, Viktoria, var ei badisk prinsesse.
  • Badische Staatseisenbahnen bygde jarnbana frå Mannheim til Basel. Frå idéen kom i 1835 gjekk det 20 år før linja vart ferdig fram til Basel.