World of Music, Arts and Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå WOMAD)
Frå WOMAD i Charlton Park i 2008

WOMAD (/ˈwˌmæd/ WOH-mad) eller World of Music, Arts and Dance er ein internasjonal kulturfestival. Det sentrale målet med WOMAD er å feira dei mange formene for musikk, kunst og dans som finst i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

WOMAD blei grunnlagt i 1980 av den engelske musikaren Peter Gabriel, i lag med Thomas Brooman, Bob Hooton, Mark Kidel, Stephen Pritchard, Martin Elbourne og Jonathan Arthur.[1][2][3] Steve Byrne og Valerie Hawthorn var dei opphavlege designerane. Den fyrste WOMAD-festivalen blei halden i Shepton Mallet i England i 1982. Publikum kunne mellom anna sjå Peter Gabriel, Don Cherry, The Beat, Drummers of Burundi, Echo & The Bunnymen, Imrat Khan, Prince Nico Mbarga, Peter Hammill, Simple Minds, Suns of Arqa, The Chieftains og Ekome National Dance Company, som var grunnlagt av Barrington, Angie, Pauline og Lorna Anderson, det nyskapande afrikanske kunstkompaniet i Storbritannia.

Gabriel og selskapet hans, som hadde finansiert WOMAD, stod overfor økonomisk ruin på grunn av dei høge kostnadene til festivalen[4] det fyrste året. Dette var forverra av mangelen på passende transport til festivalstaden (Shepton Mallet Showground) og mangelen på publisitet. På forslag frå Tony Smith, manageren for Gabriel og Genesis, kom han og dei gjenverande medlemmene av Genesis, saman for å spela eit enkelt show under namnet Six of the Best i Milton Keynes. Denne framføringa inkluderte ei dynamisk opptreden av Ekome National Dance Company. Framsyninga redda selskapet og gjorde det mogleg å halda fleire WOMAD-tilskipingar.[5]

Siden 1982 er det blitt halde WOMAD-festivalar over heile verda. Tilstellinga har teke kunstnarar til 27 land og underhalde over ein million menneske. Hovudarrangementet i Storbritannia slo seg ned ved Rivermead i Reading i Berkshire, frå 1990 til 2006.[6] Han flytta så til Charlton Park i Wiltshire frå 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bright, Spencer: Peter Gabriel, an authorized biography (p. 180), Pan 1999.
  2. Derek Beres, review of "Between Two Worlds", 2006. Accessed: http://www.globalrhythm.net/Film/BetweenTwoWorlds.cfm Arkivert 2018-10-06 ved Wayback Machine.
  3. Jonathan Arthur
  4. «WOMAD». Henta 30 June 2015. 
  5. Greene, Andy (7 April 2015). «Flashback: Peter Gabriel Reunites With Genesis in 1982». Rolling Stone. Henta 31 July 2018. 
  6. «WOMAD». Henta 6 March 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: World of Music, Arts and Dance