Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For boka, sjå Fyrste mosebok.

Genesis var ei britisk gruppe som oppstod i 1967 i Godalming, Surrey. Dei bestod i starten av Anthony Banks, Michael Rutherford, Anthony Philips, Peter Gabriel og Chris Stewart. Det fyrste albumet deira, From Genesis to Revelation, vart produsert av Jonathan King. Namnet Genesis vart visstnok valt av King fordi dette vart det fyrste bandet han nokosinne produserte. Sjølv hadde han ein hit «Everyone's Gone to the Moon».

Genesis utvikla seg fort til å verte eit sjangerdefinerande band i løpet av 70-talet. Då Peter Gabriel forlét bandet etter The Lamb Lies Down on Broadway-turnéen i 1975, vart mange vokalistar kalla inn til audition, blant anna norske Jahn Teigen. Valet fall likevel på trommeslagaren Phil Collins, som saman med Steve Hackett slutta seg til bandet so tidleg som 1971.

Etter albumet Wind and Wuthering slutta Steve Hackett i bandet, og det neste albumet bar preg av dette; albumet vart rett og slett kalla And then There Were Three ettersom berre Collins, Banks og Rutherford var igjen. Etter 1980 reknar mange med at Genesis kasta av seg dei progressive tendensane sine. Albumet Invisible Touch er det bestseljande albumet til bandet til alle tider. Genesis' siste studioalbum var Calling All Stations, utgjeve i 1997, med ein ny vokalist, Ray Wilson.

No for tida er Genesis under ein sokalla «ubestemt dvale».

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Genesis


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk