Toulouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toulouse
Montage Toulouse 2.jpg
Flagget til Toulouse Byvåpenet til Toulouse
Flagget til Toulouse Byvåpenet til Toulouse

Motto
«Per Tolosa totjorn mai»
(For Toulouse, alltid meir)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Haute-Garonne
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

118,3 km²
808 km²
4 015,2 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

431 500
  3 648/km²
761 090 (1999)
964 797 (1999)
Koordinatar 43°36′19″N 1°26′34″EKoordinatar: 43°36′19″N 1°26′34″E
Høgd over havet 141 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.toulouse.fr
Plassering
Toulouse dot.png

Toulouse (oksitansk: Tolosa) er ein by sørvest i Frankrike ved breidda av elva Garonne og kanalen Canal du Midi, halvvegs mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Byen er den fjerde største i landet, og med nær 1,1 millionar innbyggjarar i 2006 er storbyområdet til Toulouse det femte største i Frankrike og det raskast veksande i Europa. Han er senteret for den europeiske romfart- og luftfartssindustrien, og hovudkvarteret til Airbus ligg mellom anna her.

Toulouse var hovudstad i den tidlegare provinsen Languedoc (provinsar vart nedlagd under den franske revolusjonen). Han er no hovudsatd i regionen Midi-Pyrénées, den største regionen i Frankrike, og préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Garonne. Byen er sete for Académie des Jeux Floraux, som tilsvarar Fransk Akademi for den oksitansksnakkande regionen i Sør-Frankrike. Toulouse er derfor uoffisiell hovudstad for den oksitanske kulturen. Den tradisjonelle oksitanske krossen er nytta som symbol for både byen og regionen Midi-Pyrénées.

Toulouse er kjend som den rosa byen (la ville rose) sidan dei fleste eldre bygningane er bygd med ein lokalt produsert teglstein som er rosa. Toulouse er ein stor universitetsby med meir enn 100 000 studentar. Universitet i byen vart grunnlagd i 1228.

Universitet[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Toulouse