Waterloo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toppen av monumentet på slagfeltet

Waterloo [watɛʁlo][1] er ein by i provinsen Vallonsk Brabant i Belgia, 15 km sør for Brussel. Han har 29 315 innbyggjarar (2006) og dekkjer eit areal på 21,04 km², med ein folketettleik på 1 393 innbyggjarar per km². Ein fjerdedel av innbyggjarane er utlendingar; dei fleste arbeider for EU-institusjonar i Brussel. St. John's International School, ein av dei største og eldste internatskulane i Belgia, ligg her. Det europeiske hovudkvarteret for MasterCard ligg òg her. Waterloo er eit sentrum for den norske kolonien i Belgia, og har òg ei norsk sjømannskyrkje.

Waterloo er særleg kjend på grunn av det kjende slaget ved Waterloo, som fann stad her den 18. juni 1815, då Arthur Wellesley og Blücher sigra over den franske hæren til Napoleon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jean-Marie Pierret, Phonétique historique du français et notions de phonétique générale, Peeters, Louvain-la-Neuve, 1994, Mal:P..