Werner von Siemens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernst Werner von Siemens (1816-1892)

Ernst Werner von Siemens (13. desember 18166. desember 1892) var ein tysk vitskapsmann og industrialist, oppfinnaren av dynamoen, sporvogna og grunnleggjaren av Siemens AG. Han har òg gjeve namn til eininga siemens.

Werner Siemens var fødd i Lenthe, nær Hannover i Tyskland. Han var det fjerde av fjorten barn. I 1847 grunnla han saman med Johann Georg Halske Telegraphenanstalt von Siemens & Halske AG, det som seinare skulle bli Siemens AG. I 1866 oppdaga han prinsippet bak dynamoen. I 1879 bygde han den fyrste elektriske jernbana, og i 1881 den fyrste sporvegen. I 1888 vart han adla av keisar Fredrik III av Tyskland. Han døydde i Berlin.